Hopp til hovedteksten
hybrid
Avkommet etter amerikanske Amanda og ein ukjent, norsk hann-hummar kan vere ein trussel for naturen.
Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Hybridhumrar i puberteten kan gi dårleg nytt

55 norsk-amerikanske hybridhumrar er urovekkande prov på at kryssparing er mogleg. Men kan dei føre den uønskte slekta vidare? Når humrane no er kjønnsmodne, kan forskarane få svar.

I 2009 fekk fiskarar utanfor Larvik ein hummar som ikkje såg god ut i det heile. Dei leverte hummaren, som bar på rogn, til Havforskingsinstituttet. Det viste seg at hummaren Amanda var ein amerikanar sjuk av «epizootic shell disease», ein hummarsjukdom som er utbreidd og frykta i Nord-Amerika.
 
Rogna til Amanda var befrukta av ein norsk hummar, og dei 55 overlevande barna deira har budd i karantenelaboratoriet hos Havforskingsinstituttet i Bergen sidan 2010. 
amanda

Amanda er den amerikanske mora til hybridane. Ho blei fanga i Larvik i 2009 og var tydeleg sjuk. 

Foto: Egil Karlsbakk / Havforskningsinstituttet
 
– Vi hadde besøk av hummarforskarar frå Canada og Storbritannia. Kanadiarane sa at humrane våre på inga måte kunne vere amerikanske. Til det var dei for slanke og elegante. Britane meinte at dei på inga måte kunne vere europeiske. Dei var for tette og dvergaktige, fortel hummarforskar Ann-Lisbeth Agnalt frå Havforskingsinstituttet.

Har dei sæd?

– No, sju år seinare, er humrane i kjønnsmoden alder. Eit forskingsspørsmål er kor vidt dei er fertile. Kan dei skape avkom? Kan i så fall ungane deira skape avkom i neste omgang? spør Ann-Lisbeth Agnalt.
agnaltogcaesar

– Cæsar ville nok vunne fram i konkurransen om ein partnar. Det er bra om ein hybrid ikkje er i stand til å føre slekta si vidare, men samtidig uheldig om han lurar ein norsk ho-hummar til å tru at egga er befrukta, fortel Ann Lisbeth Agnalt.

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
 
Hannane, om lag halvparten av dei 55, har spermsekkar. Gjennom mikroskop ser Agnalt etter sædceller i desse.
 
– Vi har funne sædceller, men mange av dei er misdanna. Det ville vere nærliggande å anta at alle hannane er sterile, men vi er iherdige og skal sjekke dei nøye. No skal vi skru opp vasstemperaturen for å simulere ein sommar. Det er då det skjer i hummarverda, fortel ho.
 
Om dei skyt med lauskrut etter ei, vil hybridhannane truleg konkurrere med norsk hummar om partnarar i naturen ifølge Agnalt.
 
– Vi veit ingen ting om fertiliteten hos ho-humrane, så også det blir interessant å undersøke.
 

Kan bere eksotiske sjukdommar

Humrane er brør og søstrer frå same kull, men kjem i fleire størrelsar, fargar og fasongar. Nokre av dei er deformerte, slik som at ei klo er samanvaksen. Dei har også ulike personlegdomar, skal vi tru labteknikar og matmor Eva Farestveit, som har stelt med humrane sidan dei blei fødde.
 
– Hybridhumrane er i karantene fordi vi ikkje er sikre på om dei kan bere på sjukdommar som vi ikkje vil ha i norske farvatn. «Shell disease» spreiar seg i Nord-Amerika. Gafkemi er ein bakteriesjukdom som amerikanske humrar kan bere, men som er dødeleg for norsk hummar. Hybridane verkar friske, men vi veit ikkje sikkert at dei ikkje er ein smitterisiko. Dét er også eit forskingsspørsmål, seier Farestveit.
 
I tillegg til misdanningar og smitterisiko, kan kryssparing føre til genetisk forureining i den norske hummarbestanden, som allereie er svekka. Framande artar eller hybridar kan bli med i konkurransen om dei same leveområda og ressursane.

Ser toppen av isfjellet

Hybridane i kjellaren på Nordnes er kjende i det internasjonale forskarmiljøet. Før dei blei fødde, var det usikkert om amerikansk og europeisk hummar kan og vil pare seg med kvarandre.
 
– Vi ser truleg berre toppen av isfjellet når det gjeld amerikansk hummar i norsk fauna. Hybridhumrane våre er levande prov på at kryssparing er mogleg. Dette har blitt bekrefta av to funn i Sverige og tre nye funn i Noreg, seier Ann-Lisbeth Agnalt.
 
Same året som fiskarar fanga Amanda, blei det fanga fire amerikanske humrar i Larvik-området. Det blir jamleg fanga enkeltindivid i Norge. Kor dei kjem frå, veit ikkje forskarane. Humrane kan vere rømde frå oppbevaringsteiner, dumpa eller sett ut med vilje. I 2016 blei det forbode å importere levande amerikansk hummar til Norge.
miadonaldcaesar

Mia, Donald og Cæsar er søsken av same hybridhummarkull. Forskarane er ikkje sikre på kvifor dei har stor variasjon i størrelse under like forhold gjennom heile livet.

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet