Hopp til hovedteksten
oppdrettslaks
Oppdrettslaks har tilsvarande eller mindre radioaktiv forureining enn villfisk, utan betydning for dei som et han, viser ein ny studie.
Foto: Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Radioaktiv forureining i oppdrettslaks er like låg som i villfisk

For første gong har forskarar målt radioaktivitet i norsk oppdrettslaks langs heile kysten. Forureininga i oppdrettslaksen viste seg å vere tilsvarande eller lågare enn i villfisk, og langt under grenseverdien.

 

– Resultatet var ikkje uventa, men viktig å slå fast. Nivåa av radioaktiv forureining i oppdrettslaks er svært låge, utan betydning for dei som et han, seier Hilde Elise Heldal frå faggruppe miljøkjemi ved Havforskingsinstituttet.

Fann eitt stoff, langt under grenseverdien

I den nye studien såg forskarane etter ei rekke menneskeskapte og naturleg radioaktive stoff, slik som cesium-137, plutonium-isotopar og kalium-40. 
 
Det einaste menneskeskapte stoffet forskarane fann i oppdrettslaksen, var cesium-137 på mellom 0,05 og 0,25 Becquerel per kilo laksefilet. I laksefôret fann dei også berre cesium-137, opp til 0,54 Bq/kg.
radioaktivt_cesium

Lave nivå av radioaktivt cesium var det einaste menneskeskapte stoffet forskarane fann.

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
 
– Dette liknar nivåa vi finn i villfisk. Til samanlikning er grenseverdien for næringsmidlar på 600 Bq/kg. Denne sette Mattilsynet etter Tsjernobyl-ulykka i 1986, seier Heldal.
 
Cesiumnivåa er låge også samanlikna med mat produsert på land, ifølge den nye rapporten. 

Tok prøver frå heile Norge på langs

Hilde Elise Heldal leia studien som er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, NIFES og Statens strålevern, på oppdrag frå Mattilsynet.
 
Mattilsynet bidrog med prøver av laks frå 100 oppdrettsanlegg frå Boknafjorden i sør til Varangerfjorden i nord. Dei tok prøvene gjennom heile 2016. Stad og tidspunkt for prøvetaking var tilfeldig. Dette for å gjere forskingsresultatet representativt for laksen på marknaden. Fiskefôret tok dei også prøver av.
laks_1.jpg

Forskarane Hilde Elise Heldal og Andrey Volynkin ved Havforskingsinstituttet målar radioaktivitet i laks.

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Fleire kjelder til radioaktiv forureining

Det er fleire kjelder for radioaktiv forureining i sjøen: Atomvåpentestingar på 50- og 60-talet, Tsjernobyl-ulykka i 1986 og utslepp frå Sellafield og Cap de la Hague, gjenvinningsanlegg for brukt kjernebrensel, har vore vektige kjelder.
 
– Men vi har også ei rekke potensielle forureiningskjelder. I havområda våre ligg det to sokne atomubåtar, «Komsomolets» i Norskehavet og «K-159» i det søraustlege Barentshavet. På austsida av Novaja Semlja er det deponert atomavfall. Dersom det skjer forureining i framtida, er det viktig å ha dokumentert tilstanden no, forklarar Heldal.

Driv konstant overvaking

Havforskingsinstituttet samarbeider frå før med Statens strålevern om overvaking av radioaktivitet  i vill fisk og sjømat i det nasjonale overvakingsprogrammet Radioactivity in the Marine Environment (RAME).
 
– Berre rykte om radioaktivitet i sjømat har tidlegare påverka marknaden. Det er altså viktig for både folkehelsa og økonomien at vi dokumenterer fakta, seier Hilde Elise Heldal.
 
Les heile rapporten Radioactive substances in Norwegian farmed Atlantic salmon (Salmo salar).
radioaktivekjelder

Eksisterande og moglege kjelder til radioaktiv forureining i norsk farvatn.

Foto: Statens strålevern

Kontaktpersoner

Hilde Elise Heldal
959 35 857