Hopp til hovedteksten
Geir_Odd_avgang_210817_19x9.jpg
– Ingen andre stader i verda blir det gjennomført økosystemtokt i så stort omfang som i Barentshavet, seier toktkoordinator Geir Odd Johansen.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

Økosystemtokt i Barentshavet for 14. gang

I dag startar det årlege økosystemet i Barentshavet. Det er 14. gang havforskarane gjennomfører toktet kor dei undersøker «alt» i det store havområdet.

– I alt er det fire fartøy som deltar i toktet, tre norske og eitt russisk, fortel havforskar Geir Odd Johansen.

Johansen er toktleiar på «Johan Hjort» som gjekk frå Tromsø i ettermiddag. I tillegg er han toktkoordinator for den norske delen av økosystemtoktet.

Barentshavet «frå topp til tå»

Dei tre norske fartøya skal dekke den norske økonomiske sona, medan eitt russisk fartøy skal undersøke Russlands økonomiske sone i Barentshavet.

– Vi bruker å seie at vi undersøker Barentshavet «frå topp til tå». Det betyr at toktet omfattar alt frå planteplankton til dei største kvalane, vi måler temperaturar og registrerer søppel som flyt i havet. Vi har også eigne fugleobservatørar om bord som artsbestemmer og tel fuglar. På den måten får vi tatt pulsen på den økologiske tilstanden i Barentshavet, seier Johansen.

 

Ferdige_tracks.jpeg

Forskingsfartøyene skal følge desse kurslinjene under økosystemtoktet i Barentshavet. Linjene viser kor det blir gjennomført akustiske målingar, medan prikkane viser stasjonar kor det blir tatt ulike prøver. Tre norske og eit russisk fartøy skal dekke heile Barentshavet frå i dag og fram til 4. oktober.

Copyright Havforskningsinstituttet

 

Grunnlag for forvaltningsråd

Ingen andre stader i verda blir det gjennomført økosystemtokt i så stort omfang som i Barentshavet. Toktet varer fram til 4. oktober, og når forskingsfartøya kjem til land har dei samla inn store mengder data.

– Det er ei enorm informasjonsmengde. Den blir viktig når vi havforskarar skal gi råd til forvaltninga om størrelsen på fiskekvotar eller komme med andre råd om korleis ressursane i Barentshavet kan haustast. I tillegg nyttast desse dataa i samband med vitskapeleg publikasjonar.

Endringar

Det første norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet gjekk av stabelen i 2004. Dermed er årets tokt det 14. i rekka.

 – I løpet av desse åra har vi sett at mange fiske- og bunndyrsartar har flytta seg nordaustover i Barentshavet. Det har komme inn artar frå Norskehavet i sør, samstundes som dei arktiske artane i nord er på veg ut av Barentshavet. Vi har også sett ein enorm auke i produksjonen i Barentshavet, avsluttar Geir Odd Johansen.

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet