Hopp til hovedteksten
Skjermdump fra Lakseluskartet
På Lakseluskartet kan du mellom anna sjå kvar dei smittsame lakseluslarvane blir transportert med straumen (oransje felt). Om du går inn på sjølve kartet kan du zoome inn for å sjå detaljar i eit bestemt område.
Utskriftsvennlig versjon

Ny og betre versjon av Lakseluskartet

Vil du sjå kvar det er mykje eller lite lakselus? Sjekk statusen for heile kysten på Havforskingsinstituttet sitt lakseluskart. Dersom det er eit område du er spesielt interessert i, kan du enten zoome inn for å sjå nærare på detaljane eller du kan klikke i kartet for å sjå utviklinga over tid.

Havforskingsinstituttet sitt lakseluskart har vore «på lufta» i omtrent eit år. No har det vore gjennom ei omfattande oppussing for å bli enklare å bruke og for å gjere fleire data tilgjengeleg.

- På kartet kan du sjå kvar det er mykje eller lite lakseluslarvar i sjøen,  om fisken i oppdrettsanlegga har lusenivå som ligg over eller under den tillatne grensa, og kor mykje lus som blei observert på fisk som stod ute i vaktbur våren/sommaren 2017, fortel Anne D. Sandvik som er ein av dei ansvarlege for oppdateringane på lakseluskartet.

Viser dei smittsame larvane

Kartet gir god oversikt over kor mange smittsame lakseluslarvar (tall per kvadratmeter)  som er i eit område.  Alt som driv i sjøen, også små lakseluslarvar, samlar seg  ofte i frontar, langs land og i bukter der straumen har ført dei. Dette kan ein sjå tydeleg på lusekartet.

- Eit døme på små partiklar som blir frakta med straumen er pollen om våren. Det kan ofte sjåast på overflata som gule belte som lagar mønster avhengig av korleis straumen er, forklarar Sandvik.

Ser ein bort frå tidevatnet så varierer straumen i fjordane og langs kysten usystematisk og mykje. Det medfører at konsentrasjonen av luselarvar også varierer mykje både over korte avstandar og frå veke til veke.

- For ein oppdrettar som vil fylje med på utviklinga i sitt område, er det ein nyttig funksjon at det er mogeleg å klikke i kartet for å sjå om ein kan forvente seg eit aukande elle minkande lusenivå i anlegget dei neste vekene. Er det mange larvar i sjøen, vil truleg fisk i oppdrettsanlegg i same område få meir lus, seier Sandvik.

Brukar kartet for å finne lus

Også forskarane nyttar kartet; det er eit nyttig verktøy  når dei skal planlegge feltarbeidet.

- Før vi skal ut og telle lus på vill laksefisk, studerer vi  kartet for å finne ut kva område det er viktig å undersøke litt ekstra. Det kan vere område der modellen viser at det skal være både lite eller mykje lus, seier Sandvik.

Til no har det vore godt samanfall mellom resultata frå modellen og feltarbeidet, og modellen kombinert med data frå feltarbeid  er derfor den reiskapen forskarane nyttar når dei skal avgjere i kva område lakselus har hatt effekt på bestandane av vill laksefisk.

Avgjerande med gode data frå oppdrettarane

Både i Lakseluskartet og i Havforskingsinstituttet si rådgjeving, er det avgjerande at talet på vaksne holus i oppdrettsanlegg  blir rapportert så presist som mogeleg. Dessa tala blir nytta som inngangsdata i modellen, og kvaliteten på modellresultata kan såleis ikkje bli betre enn kvaliteten på desse.

Kor mange egg som blir klekte er avhengig av mellom anna temperaturen. Ved 13°C blir det til dømes klekt ca. dobbelt så mange egg per dag som ved 8°C. Dette er ein medverkande årsak til at det vanlegvis  er meir lakselus i sjøen utover sommaren og hausten enn om våren.

Korleis lakseluslarvane utviklar seg og spreiar seg utover fjordane og langs kysten vert berekna ved hjelp av avanserte matematiske modellar. Desse bereknar fyrst kor varmt og salt det er i vatnet og kvar straumane går, alt i tre dimensjonar. Så bereknar dei korleis dei små  lakseluslarvane blir frakta rundt med vatnet samstundes som dei utviklar seg og endrar åtferd.

- Dersom det er 10°C  i vatnet vert larvane smittsame etter fire dagar. Når dei blir 17 dagar har dei brukt opp energien i plommesekken. Då døyr dei dersom dei ikkje har lukkast i å finne seg ein vertsfisk, dermed er det avgjerande å vite både kor varmt og salt det er og kvar straumane går når vi skal lage kartet, forklarar Sandvik.

Korleis bruke kartet

Etter at ein har zooma inn på det området ein er interessert i, kan ein klikke i området der det er markert at det er lus for å sjå korleis det har utvikla seg over tid.

- Ved å klikke på anleggsposisjonen får ein opp dei innrapportere tala for dei siste seks vekene. Vel ein å sjå på heile året får ein òg med informasjon om temperatur og ulike avlusingsmetodar som eventuelt har vore i bruk, forklarar Sandvik.

Klikkar du på eit vaktbur vil du få opp eit søylediagram som viser kor mange lus per fisk det var i buret. Datoen viser den dagen buret blei tatt opp av sjøen. Dei fleste bur har stått i sjøen i 2-3 veker. I nokre posisjonar har ein berre hatt buret ute i sjøen i ein periode, i andre har ein hatt buret ute i to eller tre periodar.

«Manglande» data/tidslinje

Når du kjem inn på kartet, kjem data frå noverande veke opp. Som regel vil det berre vere data frå modellen som er tilgjengeleg i inneverande veke. Årsaka til denne forseinkinga er at oppdretterane rapporterer lakselusdata til Mattilsynet ein gong i veka, og seinast i løpet av tirsdagen i påfølgjande veke. Derfor vil ofte oppdrettsdata for inneverande veke mangle. Ved å velgje ei veke tilbake i tid (bruk tidslinja nedst på kartet) ser du «Lus på fisk i oppdrettsanlegg» som blei nytta som inngangsdata til modellproduktet inneverande veke.

Posisjonen til vaktbura er synleg i kartet uavhengig av kva veke du har valt. Datoen for når buret vart teke opp av sjøen kjem opp når du klikkar på buret.

Fakta om lakselus

Latinsk navn: Lepeophtheirus salmonis salmonis (Atlanterhavet), L. salmonis oncorhynchi (Stillehavet)
Utbredelse: Finnes naturlig i norske farvann. Omfanget har økt betraktelig i takt med veksten i oppdrettsnæringen.
Biologi: Lakselusen er en parasitt med åtte livsstadier fordelt på tre frittlevende, to fastsittende og tre mobile stadier. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Størrelse: voksen hunn: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), voksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod fra laksefisk. Lusene spiser først når de sitter på en vertsfisk (fastsittende og mobile stadier).
Formering: Hele året, men formerer seg hurtigere når temperaturen øker utover våren.
Spredning: Frittlevende stadier sprer seg via fjord- og kyststrømmer.
Bekjempelse: Biologiske midler (leppefisk) eller kjemikalier (legemiddel).

Lakselus

Kontaktpersoner

Anne Dagrun Sandvik
474 08 020
Lars Asplin
994 04 871