Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Havforskingsinstituttet på Aqua Nor

Havforskingsinstituttet deltar på Aqua Nor i Trondheim frå 15. til 18. august. Alle er velkomne innom standen vår for å få siste nytt om lakselus, dyrevelferd og andre akvakultur-tema som forskarane våre arbeider med.

I år finn du oss på stand A2-638 som er i det store teltet (A2) på baksida av hallen. Her vil vi ha spesielt fokus på kunnskapen bak "trafikklyssystemet", men forskarane som bemannar standen kan også svare på spørsmål om andre tema innan akvakultur, kyst og andre område som Havforskingsinstituttet jobbar med.

Havforskingsinstituttet er også med å arrangere to seminar under messa, begge på onsdagen:

  • Mini-seminar om lakselus (kl 09.00 – 12.00 på Rica Nidelven): Tema blir «trafikklys», produksjonsområde og kva effektar lakselusmidel har på miljø og sjømat. Seminaret vert arrangert i samarbeid med NIFES. Sjå programmet og meld deg på.
  • Fokus på fiskevelferd (startar kl. 13.30): Tema på seminaret er dokumentasjon av velferd, utfordringar og framtidas løysingar. Seminaret vert arrangert av Havforskingsinstituttet, Veterinærinstituttet og FHF. Sjå programmet.

Kontaktpersoner

Beate Hoddevik
908 21 630