Hopp til hovedteksten
aalefiske
Ringrev Ole Magnus Leknes og åleforskar Caroline Durif samarbeider om å samle data om den europeiske ålen.
Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Fiskar etter svar om ålen

I sju år har ålen vore totalfreda i Norge etter stor nedgang i rekrutteringa. I haust går åleruser på nytt i sjøen for å finne svar om den mystiske fisken.

– Målet med forskingsfisket er å få kunnskap om ålebestanden. Kva er effekten av fredinga? Kor mykje ål svømmer i sjøen, og kor mykje av han har tenkt seg til Sargassohavet for å gyte? spør forskar Caroline Durif, bestandsansvarleg for ål ved Havforskingsinstituttet.
 
I år kan 29 utvalde fiskarar kan ta opptil 20,3 tonn europeisk ål i havforskinga sitt namn. Dei bidrar med data, og kan selje mesteparten av ålen til den norske marknaden.
 
All den europeiske ålen høyrer til same genetiske bestand. På visse tidspunkt drar han frå ferskvatn og kyststrøk i Europa til Sargassohavet på andre sida av Atlanteren for å gyte. Dette skjer når ålen er ein stad mellom 13 og 30 år gammal.

Lærer stadig, sjølv etter 50 år med ålefiske

Ålen har mange spørsmål knytt til seg. Forskarane veit ikkje kva som får den enkelte ålen til å bli kjønnsmoden, eller korleis ål over heile Europa koordinerer gytevandringa over Atlanteren.
 
Utover hausten er Caroline Durif på turne langs kysten i Sør-Norge for å snakke med dei påmelde ålefiskarane. Ole Magnus Leknes i Lindås er éin av dei. Han har fiska ål sidan han var 14 år, berre avbroten av konfirmasjonsundervisning. Militæret fekk han fri frå i ålesesongen.
 
– Det er kjekt å fiske ål igjen, sju år etter fredinga. Eg har 50 års erfaring, men lærer noko nytt kvar dag. Det blir spennande å sjå kor mykje eg kjem til å fange for andre gong av den ålen Caroline merkar. Vil han heim att, får eg han i rusa i morgon, trur Ole Magnus Leknes.
 

Utvekslar kunnskap

Caroline Durif merkar eit utval av ålane Leknes har fiska med små sendarar, og slepp dei tilbake i sjøen. Når Leknes tar opp ei åleruse, skannar han fiskane for å sjå om han har fått dei før. Dette gir eit bilde av kor mykje ål det er i nærområda, og eventuelt kor langt han flyttar seg.
 
– Eg lærer også av fiskarane. Vi la vekt på erfaring då vi valde ut kven som fekk forskingskvote. Eg vil vite kor dei fiskar, korleis og under kva forhold, seier Durif.
 
– I dag er det i grunnen litt for kaldt i sjøen. Då plar ålen ligge i ro i staden for å gå i rusa, fortel Ole Magnus Leknes.

Durif-indeksen er standard ålemål

I tillegg til merking, tar Caroline Durif mål av ålen. Ho måler lengd, vekt og nokre andre indikatorar for dei spesielt interesserte.
 
– Når ålen skal gyte, går han frå å vere i stadiet vi kallar gulål, til å bli blankål. Då er han kjønnsmoden. Vi kan sjå sikkert kor han er i syklusen ved å måle augediameteren og finnelengda, fortel ho.
 
Metoden blir kalla Durif-indeksen, fordi det var nettopp Caroline som utvikla han i arbeidet med doktorgraden sin.
 
– Å utvikle ein metode er eit godt tips til unge forskarar. Då blir du sitert ofte, ler ho.

Riv seg i håret over ålen

Før Durif-indeksen var inndelinga av ål i ulike stadium meir basert på subjektive vurderingar.
durifindeksen

Caroline brukar sin eigenutvikla Durif-indeks for å måle om ålen er på veg til å bli kjønnsmoden. Då reiser han til Sargassohavet for å gyte.

Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
 
Åleforskarane i Europa møtest ein gong i året, for å berekne bestanden. Det er nettopp ulikheit i data som har gjort dette vanskeleg. Ålen er fordelt på mange farvatn med svingande mengd ål. I tillegg til dei ulike stadia av ål, har det historisk vore nesten like mange fangstmetodar som ålefiskarar: Ruser, klyper, gaflar, fletta bur, bildekk og høyballar er nokon.
 
– Vi har rive oss i håret over ålebestanden. Men rekrutteringa, altså tilstrauminga av ny ål, har vi gode historiske data over. Den finn du ved å sjå på kor mykje yngel som søker seg mot bekker og kystområde. Ålen blei stempla som kritisk trua i 2010 etter at rekrutteringa hadde falle 90-95 prosent sidan nivået på 1980-talet, fortel Caroline Durif.
data
Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Har betra seg

Det norske forskingsfisket, organisert av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet, er no inne i sitt andre år. Det har strenge krav til fangst- og målemetodar og dannar ein serie av påliteleg og standardisert data. Ein såkalla tidsserie.
 
– Rekrutteringa har tatt seg noko opp. Ålen er ikkje lenger kritisk trua, men «sårbar». Dette kan gjere det mogleg med eit avgrensa, berekraftig ålefiske i framtida, seier Caroline Durif.

Fakta om ål

Latinsk navn: Anguilla anguilla
Familie: Anguilla
Maks størrelse: 133 cm og 6 599 gram
Levetid: 5–20 år avhengig av kjønn og levevilkår
Leveområde: Fra Afrika/Kanariøyene til Murmansk
Hovedgyteområde: Sargassohavet
Gytetidspunkt: Ukjent, men trolig mellom mars og juni. Ålen er engangsgyter
Føde: Animalsk føde, mer eller mindre altetende
Særtrekk: Ål er sterkt fotofobisk (lyssky). Den kan bli værende ute av vannet i mer enn 24 timer, og kan også vandre over land fra ferskvann til sjø når de starter gytevandringen. Ål kan svømme bakover.

Ål

Kontaktpersoner

Caroline Durif
976 27 269