Hopp til hovedteksten
Ål i tang
Det er ikkje kjent kvifor ein del ål utelèt fersvassfasen. Dette er vanleg for norsk ål, og her kan ei forklaring vera at leveområda langs kysten er så gunstige at det ikkje er attraktivt å vandra opp i ferskvatn.   
Foto: Caroline Durif
Utskriftsvennlig versjon

Inviterer fiskarar til forskingsfangst av ål

Det har vore forbod mot ålefiske i sju år, men no er det opna for forskingsfangst på arten. Havforskingsinstituttet søkjer etter fiskarar som kvar får fiska inntil 1500 kilo ål i sjø.

Dei siste 25 åra har det vore ein markant nedgang i rekrutteringa til ål i heile Europa. I 2010 vart alt kommersielt fiske av arten stogga i Noreg. Arten er sidan gått frå kritisk trua til sårbar på Norsk raudliste.

Andre året med forskingsfangst

– Vi samlar kunnskap for å kunna seia noko om korleis ålebestanden utviklar seg langs norskekysten. Med stabile data kan vi etter kvart få på plass ein god tidsserie. I tillegg er vi ute etter å læra meir om dei biologiske eigenskapane til ålen, seier forskar Caroline Durif, som er bestandsansvarleg for ål på Havforskingsinstituttet.

Forskingsfangsten er eit samarbeid mellom instituttet og Fiskeridirektoratet, og i fjor vart det opna forsiktig for eit slikt fiske. I år ser HI for seg å engasjera rundt 12 fiskarar (sjå spesifikasjonar til høgre på sida).

Får seld ålen

Fiskarane må senda inn data på eit eige skjema der dei fører inn vekt, reiskap og andre opplysingar. Ålen kan seljast gjennom det ordinære salssystemet.

– Dei som fiska for oss i fjor fekk seld all ålen dei fanga. I år kjem vi også til å utarbeida eit merke eller ei sertifisering som viser forbrukarane at dei kjøper norsk ål som er lovleg fanga. Norsk ål er av høg kvalitet på grunn av låg forureining, fortel Caroline Durif.

På veg opp eller ned?

Ålen er ein viktig del av kystøkosystemet i Noreg. Det er en katadrom fisk, og det betyr at den gyter i saltvatn og veks opp i ferskvatn. Ein god del av ålen som kjem til Noreg veks opp i saltvatn langs kysten. Caroline Durif fortel at med forskingsfangst-prosjektet blir meir av kysten av Sør- og Vest-Noreg dekt enn det insituttet sjølv rekkjer over.

– Våre eigne undersøkingar viser at talet på ål har vore rekordlågt dei siste åra. Det blir interessant å sjå om fredinga har hatt noko å seia for bestanden. Vi veit at arten er sårbar både for menneskeleg påverknad og klimatiske svingingar. Det er derfor vi også treng å læra meir om biologien og kva som er typisk for «vår» ål.   

Forskingsfangst på ål

Fisket vil foregå fra 17. juli til 31. oktober. Frist for å søkja er 2. juni. Deltakarane i forskingsfangst må stadfesta at dei kan vera med i minimum 2 år. Berre fartøy som er registrerte i Merkeregisteret kan delta.
HI kjem til å vera med om bord hos alle fiskarane i løpet av prosjektperioden.
Ta kontakt med personane på denne sida for meir informasjon/søknad.

Spesifikasjonar

  • Det er berre høve til å bruka ruser
     
  • Rusene skal ha inngangssperre,
    men ikkje seleksjonsinnretningar
     
  • Maks ståtid er 4 dagar
     
  • Ålefisket må gjennomførast som eit eige fiskeri
     
  • Ål tatt som bifangst i anna fiskeri må fortsatt setjast ut igjen
     

Kontaktpersoner

Caroline Durif
976 27 269