Hopp til hovedteksten
Snoekrabbe_pa_brett_nett.jpg
Toktets største snøkrabbe.
Foto: Elena Eriksen
Utskriftsvennlig versjon

Har gjeve det første snøkrabberådet

For første gong er det levert eit kvoteråd på snøkrabbe. For 2017 kjem Havforskingsinstituttet med fire fangstalternativ som spenner frå 2700 til 5400 tonn snøkrabbe alt etter kva risikotoleranse som vert lagt til grunn.

Snøkrabben finst naturleg i Beringhavet, austkysten av Canada og langs vestkysten av Grønland, For vel 20 år sidan vart krabben for første gong observert i Barentshavet. Havforskingsinstituttet (HI) byrja å registrera arten i 2004. Sidan har bestanden hatt ein veldig vekst, og snøkrabbefiskeriet er aukande. 

Biologisk rådgjeving

Det er Nærings- og fiskeridepartementet som har bedt om kvoteråd på snøkrabben. HI har levert eit såkalla biologisk råd, som tek utgangspunkt i kor mykje snøkrabbe som står i den norske forvaltingssona.

– Vi gjev eit råd med fire alternative kvotar – 2700, 3600, 4500 og 5400 tonn – der den lågaste kvoten gjer det 98 prosent sannsynleg  at bestanden aukar. Tilsvarande er det 61 prosent sannsynleg at bestanden aukar dersom kvoten vert sett til 5400 tonn, seier Carsten Hvingel. Han er leiar for forskingsgruppe bentiske ressursar og prosessar, som arbeider med skaldyr og botndyr.               

Fiskar berre store hankrabbar

Kvoterådet gjeld eit område (som grensar opp til Smotthòlet) i Barentshavet, der Noreg driv kommersielt fiske på snøkrabbe. I tillegg til dei fire fangsalternativa, rår instituttet til eit minstemål på skjoldbreidda på minimum 100 millimeter, og at fiskeriet er stengt på sommaren når det er mykje såkalla blautkrabbe og krabbe med låg kjøtfylde. Desse reguleringane sikrar god reproduksjonen og at det vert fiska krabbar med høg kvalitet.

– Snøkrabben skil seg frå dei fleste andre andre krabbeartar av di han sluttar å skifta skal etter kjønnsmodninga. Etter dette går kvaliteten på krabben gradvis ned, og han er berre kommersielt interessant dei to–tre første åra etter det siste skalskiftet. Det vert berre fanga store hankrabbar, og det vil normalt sikra stor nok produksjon av befrukta egg, forklarar Carsten Hvingel.

Like viktig som torsken?

Snøkrabben er ein utprega arktisk art. Han trivst best når temperaturen er under 5 grader, og klarar seg godt heilt ned mot minus 1,5 grader. I ein tidshorisont på ti år vil det truleg finnast snøkrabbe i alle leveområde som tilfredsstiller desse krava. Grove estimat viser at framtidig årleg utbyte av snøkrabbe i heile Barentshavet kan liggja ein stad mellom 50 000 og 170 000 tonn.  

– Det betyr at snøkrabben på sikt kan bli ein fiskeriressurs på linje med torsk og andre viktige kommersielle bestandar. Føresetnaden er at vi haustar krabben på ein berekraftig måte, seier Carsten Hvingel.

Fakta om snøkrabbe

Latinsk navn: Chionoecetes opilio
Familie: Majidae
Naturlig utbredelse: Det nordvestlige Atlanterhavet. Finnes også i et stort område i det nordlige Stillehavet
Maks skallbredde: Varierer fra område til område. Hann: 58 og 165 mm. Hunn: mellom 50 og 100 mm
Levetid: Opptil 15 år
Føde: Bunndyr som krepsdyr, muslinger og slangestjerner
Særtrekk: Hannen utgjør den kommersielle delen av bestanden. På grunn av naturlig nedbryting av skallet er den kun tilgjengelig for fiske i 3-4 år etter siste skallskifte.

Snøkrabbe

Kontaktpersoner

Carsten Hvingel
959 80 565