Hopp til hovedteksten
James Bellingham
Direktør James Bellingham er medlem i fagleg råd ved Havforskingsinstituttet.
Foto: Stine Hommedal, Havforskingsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

- Fleire må forstå kvifor vi treng havforsking

Han meiner havforsking aldri før har vore så viktig for verda som no. Møt James Bellingham, medlem i fagleg råd ved Havforskingsinstituttet.

– Tidlegare var havforskinga noko som var vitskapeleg viktig, men likevel fjernt for mannen i gata.  I aukande grad ser vi at det vi jobbar med, verkeleg tel, slår han fast.

–  Ein unik sjanse

Til dagleg er Bellingham direktør ved Center for Marine Robotics ved Woods Hole Oceanographic Institution utanfor Boston. Han jobbar med å utvikle teknologiske verktøy til havforsking.
Sist veke besøkte han Bergen for å delta på fagkonferansen Ocean Outlook.
 
Bellingham nølte ikkje då han i fjor vart spurt om å vera ein del av fagleg råd ved Havforskingsinstituttet.
Det faglege rådet er eit uavhengig organ som gjer råd om fagleg utvikling, oppgåver og rammer for instituttet. 

– Eg ser på dette som ei moglegheit til å vera del av eit nettverk med verdsleiande ekspertar på område som akvakultur og fiskeri, og ikkje minst kunne sjå korleis teknologien som vi jobbar med, kan brukast til dette.

Ønskjer særleg fokus på fiskeri og akvakultur

Bellingham meiner ein bør sjå forskinga også i eit samfunnsperspektiv. Fiskeri og akvakultur er to felt han er særleg oppteken av.
 
– Korleis skal vi mette dei stadig fleire menneska som lever på kloden? Eit svar kan vera havet. Så vert det neste spørsmålet korleis vi kan utnytte ressursane på ein berekraftig måte. Havforskingsinstituttet er ein organisasjon som tek tak i og jobbar med desse felta, og gjer ein viktig innsats.

Opptatt av formidling

Forskingsdirektøren meiner det er vesentleg å nå ut til fleire med kunnskapen. 

– Ei viktig oppgåve for alle i fagfeltet må vera å fortelje både politikarar og vanlege folk om forskinga vår. Det er mogleg stoda er betre i Noreg enn i USA, men eg trur mange menneske ikkje forstår i kor stor grad liva deira er avhengig av ressursane frå havet.
 
– Dette må vi klare å syne dei.