Hopp til hovedteksten
Polartorsk
Det er meir eitt år gamal polartorsk i Barentshavet i år enn i fjor og åra før. (Arkivfoto: Havforskingsinstituttet)
Utskriftsvennlig versjon

Meir polartorsk enn i fjor

Toktdagbok: Polartorsken er ein arktisk bestand som har vore i tilbakegong i Barentshavet dei siste 25 åra, men i år ser me eitt år gammal polartorsk stå både i stimar og langs botn. Dette kan bety ein liten renessanse for denne hardt pressa bestanden.

Polartorsken trivst best nord for polarfronten og er tilpassa temperaturar heilt ned mot frysepunktet. Fordelinga strekkjer seg langt inn i Polhavet, og det er derfor usikkert kor stor totalbestanden er. Men mengdeberekninga for den delen av bestanden som er i Barentshavet i august/september har vist ei gradvis minking frå 1.4 millionar tonn i 2010 til 148000 tonn i fjor. Årets estimat vil visa om stimane med eittåringar som me har observert undervegs, er nok til at denne negative trenden har snudd.

 

Bilde_2_red._nett.jpg

Jaime Alvarez (t.v.), Magnus Johannessen, Tatjana Prokhorova, Lage Drivenes og Adam Custer har fått eit solid parti med lodde til sortering.

Foto: Georg Skaret

 

Bra med lodde

Til årets økosystemtokt i Barentshavet er ringnotbåten «Eros» leigd inn for å dekka dei austlege og sentrale delene. Mens «Johan Hjort» tar seg av botntrålprøvar og utprøving av nytt prøvetakingsutstyr, tar Eros all anna prøvetaking inkludert hydrografi, plankton, pelagisk fisk og 0-gruppefisk (årsyngel).  

Halvvegs ut i første del har me dekka mesteparten av området kor me forventar å finna lodde, og førekomstane er spreidd ut over eit større område enn me har sett dei to siste åra, men så er me også ein månad tidlegare ute enn vanleg. Til liks med observasjonane på «Johan Hjort» ser også me at lodda har hatt god vekst i løpet av sesongen, med eittåringar opp mot 13 centimeter og gode tilvekstringar på otolittane (øyresteinane). Det er ikkje unaturleg at veksten er høg når bestandsnivået er så lågt som no, og konkurransen om føde derfor mindre.

 

Bilde_1_red_nett.jpg

Valantine Anthonypillai legg lodda på geledd for alderslesing.

Foto: Georg Skaret


Krill i Smuttholet

Eit lite sidefokus under årets tokt har vore tråling på akustiske registreringar av makroplankton som krill og amfipodar for å undersøka om akustikk kan brukast til å tallfesta mengdene av desse viktige gruppene i økosystemet. Inne i Smuttholet, midt mellom store mengder blåser til snøkrabbeteiner, kom me over desse fine stimane av krill. Trålinga viste at det var Meganyctiphanes norvegica, 3-4 cm lange. Seinare har me sett tallrike liknande stimar.

 

Krillogram_Eros.jpg

Stimar med krillen Meganyctiphanes norvegica registrert akustisk.

Fakta om polartorsk

Latinsk navn: Boreogadus saida
Familie: Torskefamilien (Gadidae)
Maks størrelse: 25 cm og 100 gram
Levetid: Sjelden mer enn 5 år
Leveområde: Polare strøk
Hovedgyteområde: Sørøst i Barentshavet og øst av Svalbard
Gytetidspunkt: Desember–mars
Føde: Plankton
Særtrekk: Har “frostvæske” i kroppen som gjør at han kan oppholde seg i havvann med temperaturer ned mot frysepunktet, ca. -1,8ºC

Polartorsk

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Georg Skaret
951 61 038
Gunnar Sætra
916 11 414