Hopp til hovedteksten
Lyd i havet
Kval lagar både låg- og høgfrekvente lydar. Rokas Kubilius frå faggruppe marin økosystemakustikk gjev gode råd til skuleelevane som prøver seg.
Foto: Marie Hauge
Utskriftsvennlig versjon

Lattermilde lydar på Festplassen

Det var tidvis lang kø framfor standen til Havforskingsinstituttet på fredag og laurdag. Då gjekk Forskingstorget i Bergen av stabelen, og rett mange hadde lyst til å sjekka om dei eigna seg som kvalhermarar.

I år hadde Havforskingsinstituttet stand saman med CMR (Christian Michelsen Research), og naturleg nok var det undervassteknologi som var tema.

Viktig teknologi

Den overordna tittelen var lyd i havet. Lyd når langt i havet, og hørsel og lydar er viktige for fleire marine artar når dei jaktar eller skal unngå rovfisk, skal finna make eller markera territorium. Lyd er også eit nyttig hjelpemiddel for oss menneske når vi leitar etter fisk, olje eller framande u-båtar. Denne teknologien (ekkolodd, sonar og luftkanoner) blir brukt til å utforska landskap, ressursar og miljø under havoverflata, men den kan også virka forstyrrande på dei artane som er avhengige av lyd. Vi forskar derfor både på nytteverdien og konsekvensane av slik undervassteknologi. 

Forskingsdagane 2016

Lise Doksæter Sivle har mellom anna undersøkt om militære sonarar forstyrrar kval. Her hjelper ho ein liten gjest med mikrofon og øyreklokker så han får med seg kvallydane han skal etterlikna.

Foto: Marie Hauge

Premie til alle

Dei som besøkte standen fekk høyra fire ulike kvalartar, og så var det å laga lydar som var så like som råd. Dermed vart det grynta, plystra, brumma og kvekka i veg. Både store og små prøvde seg med ulikt hell. Dei aller beste hadde ein treffprosent opp mot 60 prosent, medan det store fleirtalet låg ein plass mellom 30 og 40 prosent. Pedagogisk nok var det premie til alle – også dei tonedøve.

Lærte om marint vern

Forskingstorget i Arendal

I marine verneområde er det strenge restriksjonar på fiskeri. Kva betyr det for til dømes torsk og hummar som lever der? Alf Ring Kleiven frå Forskingsstasjonen Flødevigene har sett på effekten av slikt vern, og vidareformidla kunnskapen på forskingstorget i Arendal.

Foto: Faksimile frå Agderposten, 18. september 2016

Førre helg var det tilsvarande torg i Arendal. Der hadde Forskningsstasjonen Flødevigen stand med overfiske som tema. Her vart det demonstrert korleis vi kan koma overfiske til livs dersom vi fredar enkelte område. Gjestene fekk prøva seg som forvaltarar, og erfara kva som skjer når det blir fiska mykje, middels eller ingenting (marine verneområde).