Hopp til hovedteksten
polhavstoktet_kart.jpg
Det første trålhalet vart tatt på 77 grader og 59.94 minutter nord og 09 grader 29.54 minutter øst. “Helmer Hanssen” opererer i eit område med dårleg satellittsamband. Difor er det vanskeleg å få overført bilete frå Polhavstoktet. (Kart: Googlemaps)
Utskriftsvennlig versjon

Første trålhal og spente forskarar

Toktdagbok: Etter mange tokt og etter å ha vore med på å ta om bord fangsten etter tusenvis av trålhal, skulle ein tru at interessa minka mellom forskarane, men nei – då første trålhalet kom opp var det tett med hjelmkledde forskarar på dekk for å sjå kva som var i trålposen denne gongen.

Etter mange tokt og etter å ha vore med på å ta om bord fangsten etter tusenvis av trålhal, skulle ein tru at interessa minka mellom forskarane, men nei – då første trålhalet kom opp var det tett med hjelmkledde forskarar på dekk for å sjå kva som var i trålposen denne gongen.

Første trålhalet var eit hal med ein sokalla Åkratrål, som er ein mellomstor flytetrål med cirka 30 meters høgde på opninga. Vi hadde montert på ein «multisampler», ei innretning bak i trålen der det er tre separate trålposar som kan programmerast til å opnast og stengast etter ei viss tid. På denne måten kan vi få tre prøver frå ulike djup frå eit enkelt trålhal, noko som sparar mykje tid samanlikna med å ta tre separate trålhal i ulike djup på same staden.

Representative prøvar

Første posen hadde fiska i 430 meters djup, det vil si om lag 150 meter over botnen. På ekkoloddet såg vi eit lag med organismar stå frå omtrent 350 til 450 meters djupne, og vi let første posen vera open i underkant av dette laget, og den andre posen i overkant av laget.

Det vert sjeldan store fangstar når vi fiskar på så store djup; etter ein halv times tauing i kvart av desse to djupa var det mindre enn 10 kg fangst i kvar av posane. No er det heller ikkje noko poeng for oss å få store fangstar. Det er artssamansetjinga vi først og fremst er ute etter, og får vi så mange eksemplar av ein art at vi får representative prøvar av lengde, vekt, kjønn, modningsstadier, alder osb., så er vi nøgde med det.

 

foerste_tralhal_kart-1000x726.jpg

Her tok forskarane det først trålhalet under årets Polhavstokt. (Kart: Googlemaps)

 

Sjeldan gjest i trålen

Vi fekk oss ei lita overrasking i den første posen; ein blåsteinbit på tre kilo. Dei tre steinbitartane vi har i våre farvatn er jo mest kjende for å liggja på botnen og knaska sjøstjerner, muslingar og anna slikt. Denne hadde altså teke seg ein tur 150 meter opp frå botnen, der vi fanga han.

Det er ikkje ofte vi får steinbit i pelagisk trål, men noko sensasjon var det likevel ikkje. For blåsteinbiten skil seg frå dei andre steinbitartane på fleire måtar. Medan dei to andre, flekksteinbit og gråsteinbit berre lever på botnen og et dyr dei finn der, så kan blåsteinbiten, når han er ung, føra eit «benthopelagisk» levesett, dvs han brukar dels tid nede på botnen, dels oppe i vatnet. Han skil seg også på andre måtar; han har ikkje så kraftige kjevar og så spisse tenner som sine slektningar, og har ein meir allsidig kost; han et både plankton, maneter og fisk.

Og medan dei andre steinbitane smakar godt, er blåsteinbiten ubrukeleg til menneskemat; kjøtet er vassent og går i oppløysing etter kort tid på land. Vi var spente då vi opna magen på han for å sjå kva denne hadde ete til frukost, men diverre; magen var aldeles tom.

Mange artar

I tillegg til steinbiten var det artar som kolmule, nordleg lysprikkfisk, og liten laksetobis som dominerte i dei to djupaste posane. Medan posen vi fiska med i 50 meters djup for det meste inneheldt årets yngel av torsk og hyse.

Dette kapitlet i toktdagboka er også publisert på forskning.no.

 

 

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177
Gunnar Sætra
916 11 414