Hopp til hovedteksten
Norskehavet
Fangst av makrell og nvg-sild frå tokt i Norskehavet.  
Foto: Leif Nøttestad
Utskriftsvennlig versjon

Direkteoverføring av kvoteråd

Fredag kjem kvoteråda for 2017 for nvg-sild, makrell, kolmule og hestmakrell. Det vert direkteoverføring av råda frå Havforskingsinstituttet.

 

Det internasjonale råd for havforskning, ICES, gjev råda, som vert offentlege klokka 12.00 på fredag. Hendinga på instituttet vert streama, og kan følgjast her frå ca. kl. 11.45 same dag.

Sentrale norskehavsbestandar

Råda gjeld for dei fem bestandene nvg-sild, kolmule, makrell, vestlig hestmakrell og hestmakrell i Nordsjøen. Katja Enberg som leiar program Norskehavet på Havforskingsinstituttet, presenterer råda. Dei bestandsansvarlege for dei ulike bestandane vil også vera til stades.  

Silda, makrellen og kolmula dominerer fiskesamfunnet i Norskehavet, og er viktige for norsk fiskeri. Hestmakrell – som er delt i dei tre bestandane vestlig, sørleg og Nordsjøen – spelar ei mindre rolle. I 2015 var totalfangsten på hestmakrell på ca. 97 000 tonn. Av dette utgjorde den norske fangsten 9577 tonn.

Ny modell for silde-rådet

Totalt utgjorde 2016-råda for norskehavsbestandane nesten 1,9 millionar tonn fisk. Nytt for kvoterådgjevinga for 2017 er at det nyleg er gjort ein metoderevisjon (benchmark) på nvg-sild. Dette sa Erling Kåre Stenevik, bestandsansvarleg for nvg-sild på Havforskingsinstituttet, då metoderevisjonen var avslutta tidlegare i år:

– For første gang kan vi bruka kunnskapen vi har om kvaliteten på tokt- og fangstdata til å vektleggja dei sikraste datapunkta framfor dei meir usikre. Det vil bidra til betre bruk av innsamla data og til betre kvalitet på kvoteråda. (…) Vi vil først sjå den fulle effekten av den nye modellen etter at vi har fått inn årets data og arbeidsgruppa har gjort sitt arbeid i haust.
 

Kontaktpersoner

Katja Enberg
410 06 368
Marie Hauge
975 68 384