Hopp til hovedteksten
Lodde_nett.jpg
ICES tilrår at det ikkje blir fiska lodde i Barentshavet i 2017.
Foto: Jan de Lange
Utskriftsvennlig versjon

Null-råd for lodde i Barentshavet, stabilt for reke i nord og utsett rekeråd i sør

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår at det ikkje blir fiska lodde i Barentshavet i 2017. ICES går også inn for ei rekekvote på 70 000 tonn i Barentshavet, medan rekerådet i sør er utsett.

Under årets økosystemtokt blei det registert svært lite lodde i Barentshavet.

– Berekningane av loddebestanden viser at det er mindre vaksen lodde enn i fjor, og at mesteparten står i norsk sone, seier havforskar Bjarte Bogstad.

Den norsk-russiske haustingsregelen for lodde tek omsyn til torskens beiting på lodda, så det vert opna for eit loddefiske berre når det er eit haustbart overskot av lodde.

– Loddebestanden er no så liten at det ikkje er noko overskot å hauste av.

Alternativ føde for torsken

Lodda er ein nøkkelart i Barentshavet og favorittmaten til torsken.

– Det er grunn til å spørje om lite lodde fører til mindre mat for torsken, men under toktet har vi funne mykje polartorsk i russisk sone og også ein del ungsild. Dette kan vere viktig mat for torsken, seier Bogstad.

Havforskingsinstituttet stør rådgjevinga frå ICES. Kvoten for 2017 blir avtalt under den norsk-russiske fiskerikommisjonens møte 17. – 20. oktober. For 2016 følgde fiskerikommisjonen rådet frå ICES om null fiske.

70 000 tonn reke

– Rekebestanden i Barentshavet er framleis sunn og fiskeriet berekraftig, seier havforskar og forskingsgruppeleiar Carsten Hvingel. For 2017 anbefaler ICES eit fangstuttak på opptil 70 000  tonn.

– Dei siste åra har vi observert at reka har flytta seg lenger mot aust og at det har blitt mindre reke på dei tradisjonelle fiskefelta i dei vestlege områda. Dermed må fiskarane finne nye fiskefelt. Interessa for dette fisket auker og med det fangstane. Dei er nesten dobla frå 2014 til 2016, seier Hvingel.

Når det gjeld reke i området Skagerak / Norskerenna, er ikkje ICES i stand til å gje noko råd no.

– Denne ekstraordinære situasjonen er oppstått fordi det blei oppdaga feil på trålutstyret under årets reketokt. Dermed er det stor risiko for at data frå dette toktet ikkje gjev riktig bilde av bestandens tilstand, og desse dataa kan difor ikkje brukast som grunnlag for rådgjeving, seier Hvingel.  

Det blir eit nytt tokt allereie i januar, og då reknar ein med å avklare situasjonen.

– I mellomtida vil ICES undersøke andre moglegheiter for å lage eit kvoteråd for 2017, avsluttar  Hvingel.