Hopp til hovedteksten
HI-006223.jpg
Det er nedgang i loddebestanden i Barentshavet.
Foto: Harald Gjøsæter
Utskriftsvennlig versjon

Nedgang i loddebestanden i Barentshavet

Loddeestimatet frå årets økosystemtokt i Barentshavet er lågare enn det som har vore registrert i seinare år. Rådet for neste års loddekvote kjem 10.oktober.

Det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet er snart ferdig for i år. Punktum blir sett når forskingsfartøyet ”Helmer Hanssen” legg til kai i Longyearbyen denne veka. Likevel kan forskarane slå fast at loddebestanden er liten i år, fordi så godt som alle loddeområda allereie er dekt.

Kvoteråd i neste veke

– Berekningane av loddebestanden viser at det er mindre vaksen lodde enn i fjor og at mesteparten står i norsk sone, seier Georg Skaret. Han er bestandsansvarleg for lodde ved Havforskingsinstituttet.  

Norske og russiske havforskarar har gjort ferdig rådet sitt for neste års loddekvote, og det er sendt til Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) kor det blir kvalitetssikra. Dei sender det vidare til den norsk-russiske fiskerikommisjonen. Kommisjonen skal møtast i Moss 17. – 20. oktober. Der blir både loddekvoten og kvotane for dei andre kommersielle fiskebestandane i Barentshavet fastsett.

 

SA_Values_capelin2.jpg

Kartet viser akustiske målingar av lodde (eitt år gammal og eldre fisk). Fargane er ulike for fartøya som har gjennomført akustikken (sjå teiknforklaring).

Copyright Havforskingsinstituttet

 

Alternativ føde for torsken

Lodda er ein nøkkelart i Barentshavet og favorittmaten til torsken.

– Det er grunn til å spørje om lite lodde fører til mindre mat for torsken, men under toktet har vi funne mykje polartorsk i russisk sone og også ein del ungsild. Dette kan vere viktig mat for torsken, seier Skaret.

Fleire resultat

Økosystemtoktet i Barentshavet har blitt gjennomført kvart år sidan 2003. Då undersøker havforskarane heile dette fruktbare havområdet frå ”A  til Å”. Normalt blir alt frå planteplankton til sjøpattedyr kartlagt, dei fysiske miljøforholda som straum og temperatur blir målt, det blir tatt prøvar som blir analysert for forureining, søppel blir registrert og det er med observatørar om bord på forskingsfartøya som registrerer sjøfugl. I år har tre norske og eitt russisk fartøy gjennomført toktet, og i dagane som kjem vil det bli publisert fleire resultat frå toktet.

 

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Georg Skaret
951 61 038
Gunnar Sætra
916 11 414