Hopp til hovedteksten
Sjoelilje.jpg
Sjøliljer (Crionider) er blant artene som er utsatt i forbindelse med tråling. (Foto: Mareano, Havforskningsinstituttet)
Utskriftsvennlig versjon

Evaluering av det faglege arbeidet i MAREANO

Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) har nyleg evaluert kartlegginga som skjer gjennom MAREANO-programmet. ICES konkluderer med at programmet som kartlegg forhalda på havbotnen i norske farvatn, leverer data, kart og formidling av god standard. Samtidig gir dei mellom anna råd om at programmet bør ha endå klarare og betre definerte mål.

Evalueringa er bestilt av programmet si styringsgruppe.

- Det var viktig for oss å få ei uavhengig og internasjonal evaluering av arbeidet som er gjort til no gjennom MAREANO. Noreg har brukt nesten ein milliard kroner på dette programmet dei siste 10 åra, dermed er det også avgjerande at programmet går i rett retning, seier fagdirektør i Nærings- og fiskeridepartementet, Johan H. Williams, som er leiar av MAREANO si styringsgruppe.

Les meir: