Hopp til hovedteksten
Kvabbefisken Molly Miller (Scartella cristata)
Kvabbefisken Molly Miller (Scartella cristata).
Foto: Rudolf Svensen
Utskriftsvennlig versjon

Eksotisk økosystem på reisefot

Store arbeidsbåtar som kjem tilbake til Noreg etter fleire år i varmare strok, kan ha med seg framande artar som blindpassasjerar på returen. Korall, krabbe og svamp er blant artane som vart funne då forskarar undersøkte dyrelivet i ein «moon-pool», eit slags botnlaust basseng som enkelte av desse båtane har på arbeidsdekket.

- Overføring av artar til nye område med fartøy som har slike basseng, eller moon-pools som dei òg vert kalla, har hatt lite fokus. Når vi no ser at mange artar kan overleve ein transport over store strekningar som til dømes frå Mexicogolfen til Vestlandet, gjer det grunn til å tru at dette kan vere eit problem, seier Vivian Husa, forskar ved Havforskingsinstituttet og leiar av eit prosjekt som kartlegg framande marine artar i Noreg.

På grunn av den økonomiske krisa i verda kjem mange arbeidsfartøy no heim til Noreg frå oppdrag rundt om i verda. Tidlegare har det vore fokus på artar som vert frakta jorda rundt i ballastvatnet til større fartøy. Risikoen for at framande artar skal bli innført via ballastvatnet minkar når nye reglar for reinsing av slikt vatn trer i kraft i 2017. Samstundes kan det sjå ut som vi no står ovanfor nye utfordringar i form av både begroing på fartøy og artar som lever inni installasjonar på fartøy, slik som til dømes i ein «moon-pool».

Solkorallar (Tubastrea sp.)

Solkorallar (Tubastrea sp.).

Foto: Rudolf Svensen

Botnlaust basseng

Ein moon-pool er eit basseng i midten av fartøyet, i botnen har det opning ut til sjøen. Dei blir brukt til å sette ut ulike reiskap eller til dykking for å unngå at utstyr og personar vert påverka av bølgjer og slag mot skutesida. Innsida av brønnen har ofte mange kanalar og hol som skal dempe bølgjeslag. Det viser seg no at mange artar trivast inne i desse brønnane og altså blir med på reisa når fartøya flyttar seg. Sjølv om artane, som vert karakterisert som framande artar når dei kjem til Noreg, i utgangspunktet er inne i brønnen, er det ikkje noko fysisk barriere som hindrar dei i å komme seg ut.

- Mobile artar kan lett komme seg ut av brønnen ved å symje eller krype ut, og artar som sit fast i underlaget kan spreie seg ved å sleppe ut larvar og sporar, fortel Husa.

Ikkje identifisert krabbe

Ikkje identifisert krabbe.

Foto: Anne Mari W. Tande

Fant eit heilt økosystem

- Vi har undersøkt ein slik moon-pool på eit fartøy som kom til norskekysten i september 2016. Fartøyet hadde lagt i ro i seks år som dykkarskip på eit oljefelt i Mexicogolfen. Bassenget var 8 x 8 meter i areal, sju meter djupt og opent i botnen. Her fann vi eit levande økosystem med mange artar som hadde slått seg ned medan båten var i framande farvatn, fortel Husa.

Forskarane observerte ei mengde små kvabbefisk som sømde rundt og spratt inn og ut av kanalar og hol, tre ulike artar av reker levde inni kanalane og dei klarte også å fange ein krabbe som gøymde seg i eit hol. På veggane var det eit etablert samfunn av kalkalgar, svampar, hydroider og mosdyr. Her vaks også kjempestore rosa rur og andre mindre rurartar. Store perlemuslingar og ei mengd mindre muslingartar vaks også på veggane saman med mange solgule korallar.

- Vi har store utfordringar med å få artsbestemt dei framande artane som vi fann, men sannsynlegvis er det  minst 30 artar av dyr som alle var i live, seier Husa.

Molly Miller gøymer seg i ein kjemperur (Megabalanus sp.)

Molly Miller gøymer seg i ein kjemperur (Megabalanus sp.).

Foto: Rudolf Svensen

Drep vinteren dei framande artane?

Sannsynlegvis gjer temperaturskilnaden mellom Mexicogolfen og norskekysten at artane som vart funne i den undersøkte båten ikkje klarar seg gjennom den kalde, norske vinteren.

- Ein del av artane vi fann er introduserte til mange område i verden og ein veit aldri kva art som plutseleg klarer å etablera seg her, seier Husa.

Dersom fartøya har med seg artar frå for eksempel nordlege delar av Amerika eller Kina, er sjansen større for at dei kan overleva her i Noreg.

Det er ikkje berre at artane kan etablere seg i norske område som gjer at forskarane er bekymra. Sjølv om artane ikkje klarar seg her, kan dei ha med seg virus og bakteriar som kan smitte dyra som lev naturleg langs kysten og i hava våre.

Store perlemuslingar (Pteria colymbus)

Store perlemuslingar (Pteria colymbus).

Foto: Rudolf Svensen

Ukjent musling

Ukjent musling.

Foto: Rudolf Svensen

Ukjent reke

Ukjent reke.

Foto: Rudolf Svensen

Ukjent reke

Ukjent reke.

Foto: Rudolf Svensen

Ukjent reke

Ukjent reke.

Foto: Rudolf Svensen

Ulike kalkrørsormar og fleire artar svamp

Veggane i moon-poolen var dekt av ulike kalkrørsormar og fleire artar av svamp.

Foto: Rudolf Svensen

Ukjent mosdyr

Ukjent mosdyr.

Foto: Rudolf Svensen

Fakta om introduserte arter

Introduserte eller fremmede arter er en alvorlig trussel mot stedegen flora og fauna og det biologiske mangfoldet. Det er flere grunner til at vi nå ser en økning i antall fremmede arter i våre kyst- og havområder. Noen av årsakene er: 

  • Økt menneskelig aktivitet som næringsvirksomhet (f.eks. havbruk med nye arter) handel (transport) og turisme gir planter og dyr muligheter til å overskride naturgitte barrierer mot spredning.
  • Klimaendringer har ført til at temperaturforholdene i havet endrer seg. En rekke nye arter med høyere varmekrav er observert på vandring inn i Norge. 
  • Kraftig forurensning kan forårsake bortfall av arter som har okkupert nisjer som da blir ledige for andre, nye arter.
Introduserte arter

Kontaktpersoner

Vivian Husa
915 38 429