Hopp til hovedteksten
Sissel Rogne og Sigurdur Ingi Johannsson
Noreg og Island har mange felles fiskeriinteresser, og denne veka stakk den islandske fiskeriministeren Sigurdur Ingi Johannsson innom Havforskingsinsituttet for ein prat med administrerande direktør Sissel Rogne.  
Foto: Marie Hauge
Utskriftsvennlig versjon

Spasertur enda i spontant ministerbesøk

Det er ikkje ofte ein minister dukkar uanmeldt opp på døra til Havforskingsinsituttet, men det gjorde den islandske fiskeriminsteren Sigurdur Ingi Johannsson då han likevel var og gjekk tur på Nordnes. 

Sigurdur Ingi Johannsson er i Bergen i høve sjømatkonferansen NASF, og har også hatt samtalar med vår fiskeriminister.

Spurde om forskingsfartøya

På Nordnes hadde han hellet med seg og traff administrerande direktør Sissel Rogne ”heime”. Dei to fekk seg ein rask prat før ministeren og følgjet hans rusla tilbake til sentrum.

– Ministeren var spesielt interessert i å høyra om rådgivinga vår, og korleis finansieringa av forskingsfartøya våre er organsiert – også den biten som gjeld innleidde fartøy. Eg fortalde han mellom anna om rederiet til Havforskingsinstituttet, og korleis båtane våre vert finansiert over statsbudsjettet, fortel Sissel Rogne. 

Islandsk heishumor

Besøket var særs jovialt, og litt humor vart det også tid til. Islendingane held til i eit om lag like gamalt bygg som høgblokka, men til skilnad frå oss har dei ikkje fått ny heis. Då heisen varsla om overlast, spratt Sissel Rogne og den yngste i følgjet til minsteren ut og tok trappene, medan tungvektarane vart igjen i heisen.

– Tenkte nok at det var dei, kommenterte ministeren med glimt i auga då dørene lukka seg.