Hopp til hovedteksten
Guddalselva
Guddalselva
Utskriftsvennlig versjon

Løyvene til forsking i Guddalselva

I meir enn 10 år har Havforskingsinstituttet gjort forsking i Guddalselva i Kvinnherad. Målet har vore å auke kunnskapen om miljøeffektar av oppdrett på vill laks og sjøaure. Resultata er publisert og er opent tilgjengelege. Og vi har heile tida samarbeid med elveeigarlaget, noko som har gitt oss mykje kunnskap og har vore svært nyttig.

Gjennom det siste året har vi opplevd massiv kritikk frå Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) mot denne forskinga. Vi har også motteke ei rad med innsynskrav knytt til arbeidet i Guddalselva. Mellom anna har vi fått krav om å dokumentere at vi har hatt nødvendige løyver til å gjera den forskinga vi har gjort der.

Vi har no samla alle løyvene vi har og har hatt her:

Dokument som er gjeve som svar på innsynskrav av 22.01.2016

Dokument som er gjeve som svar på innsynskrav av 27.01.2016

Dokument som er gjeve som svar på innsynskrav i perioden januar til mars 2016

Svar på innsynskrav fra iLaks:
Journalført korrespondanse mellom advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA og Havforskningsinstituttet per 11.05.2016.

Vi har også invitert NSL til å møte oss slik at vi kan få dokumentert kor usemja ligg, men dei ønskjer ikkje å snakke med oss.

Arbeidet vi har hatt i Guddalselva er omfattande både i tid og omfang. Her kan du få meir innsikt i det vi har gjort der.
 

Les også:

Frykt for forskning?
Kronikk i Dagens Næringsliv 16.03.16.

Kontaktpersoner

Sissel Rogne
907 32 123