Hopp til hovedteksten
Blåhval
Det vart også registrert blåkval i det undersøkte området på Georges bank. Tradisjonelt beitar ikkje denne arten på sild, men observasjonen kan tyda på at silda er ein del av menye også til blåkvalen. 
Foto: Leif Nøttestad
Utskriftsvennlig versjon

Kval deler jaktmarkene mellom seg

Sjølv om det kokar av sild i den mest hektiske gyteperioden, rår det system og orden mellom dei store kvalane som kjem for å beite på silda. Dei ulike artane deler beiteområdet mellom seg – truleg for å unngå trøytsam konkurranse og andre forstyrringar.

Det er ei gruppe forskarar frå Northeastern  University i Boston, Massachusetts Institute of Technology i Cambridge og Havforskingsinstituttet som står bak funnet, som nyleg er publisert i Nature.

Kvalen held seg med sine

Forskarane brukte ei lang line med mange hydrofonar (undervassmikrofonar) og ein sonar til å registrera kva som skjer når milliardar av sild, store kvalflokkar og andre artar samlast for å gyte, ete og bli eten på Georges bank utanfor kysten av Canada og USA. I utgangspunktet skulle dei studera dei store sildestimane, men då dei analyserte det innsamla materialet gjorde forskarane ei anna interessant oppdaging. Det var  registrert kvalsong som kunne knytast til åtte ulike artar. Ved nærare ettersyn viste det seg at kvar art hadde sine fast definerte beiteområde – mellom anna  delte knølkvalen seg i to grupper som var å finna i kvar sin ende av Georges bank.

Sikrar truleg ei effektiv beiting

– Vi veit ikkje sikkert kvifor kvalen organiserer seg på denne måten, men det er nærliggjande å tru at det er for å unngå forstyrringar av ulikt slag. Ein del av kvalartane har berre desse vekene til å skaffa seg spekklaget dei skal tæra på resten av året. Dess mindre tid dei bruker på konkurrentane, dess meir effektiv vert beiteperioden, seier Olav Rune Godø.  Han er forskar frå Havforskingsinstituttet, og har arbeidd i ei årrekkje med undervassobservasjonar frå sonar, ekkolodd og annan teknologi.

Brukar lyd til å ”sjå” i havet

Gode observasjonar i sanntid er naudsynt for å forstå korleis samspelet mellom byttedyr og rovdyr fungerer i dei marine økosystema. Slike studiar er både kostbare og krevjande – havet er stort og ein skal ikkje så mange meterane ned i djupet før sikten vert dårleg. Derfor vert det nytta observasjonsmetodikk som sonarar, ekkolodd, undervasskamera e.a. Problemet er at teknologien kan påverka det samspelet forskarane ønskjer å studera.

– Spesielt sonar – som aktivt sender ut lydsignal – kan ha ein forstyrrande effekt på dyr. Difor brukte vi også tid berre til å lytta, utan å sende lyd på den aktive sonaren, forklarar Olav Rune Godø.

Ekko fortel om fordelinga

Lina hadde  160 hydrofonar og vart slept bak fartyet . Den plukka dei opp ekkoa frå sonaren etter kvart som dei kom tilbake med informasjon om dyra dei hadde ”møtt” på vegen. Identifisering av ekkoa vart gjort med konvensjonell akustikk og tråling. Slik kunne forskarane slå fast om det var snakk om sild eller andre artar, finna ut kor tett silda stod (storleiken) og kvar ho oppheldt seg.
Sidan sonaren delvis nyttar same låge, vidtrekkande frekvens som kvalen, var berre hydrofonane i bruk då forskarane skulle registrera lydane frå kvalane.  

– Det er kjent frå før korleis dei forskjellige kvalartane kommuniserer eller syng til kvarandre. Så då vi såg at songane danna eit fast mønster, var det relativt enkelt å bestemma kva for artar som oppheldt seg i dei ulike områda, fortel Olav Rune Godø.

Store avstandar, store datamengder

Det undersøkte området på Georges bank er på ca. 100 000 kvadratkilometer. Det er omtrent like stort som Island eller Jugoslavia. Når vi skal observere økosystem over så store område, er kombinasjonen av passiv og aktiv akustisk metode uovertruffen, seier Olav Rune Godø.

– Dei presise funna frå det yrande og vidfemnande dyrelivet på Georges bank viser kor effektivt dette verktøyet er. Vi nyttar også denne metoden i norske farvatn, men her står det enno att noko analysearbeid før vi har resultata klare. Slike undersøkingar genererer svært store mengder data. Vi var på Georges bank i 2006, og først no er vi klare med funna; det fortel litt om kor tidkrevjande det er, seier han.