Hopp til hovedteksten
Torsk foran DeepVision
Torsk foran DeepVision
Utskriftsvennlig versjon

Kort situasjonsrapport fra CRISP/SEEBED-toktet

Forsøkstoktet for CRISP og SEEBED-prosjektet er snart over, og her vi ligg på Tromsøflaket er vårsola kommen og humøret på topp. Toktleiaren Aril Engås (eller dirigenten som eg kaller han) har prøvd så godt han kan å gjete alle "kattane" om bord. Det har gått rimelig bra, men no trur eg han må sove nokre dagar.

Båten, maten og mannskapet har vore fantastiske, og eg trur neppe noko anna farty i verda hadde kunne utført det vi har fått til saman på dette toktet.
 
CRISP-prosjektet har skifta trål og dører oftere enn ordførarar skifter meining etter eit val. Karane på dekk har vore i oljebuksa dag og natt. Likevel smiler dei og bøter trål og fortel artige historier frå siste landlov. På brua, der ”G.O. Sars” har nokre med krigsskulen i tråling, og dei er heller ikke vonde å be når Malanie Underwood (PhD-student på CRISP) vil nesten skrape botnen med pelagisk trål. Trålane har vore tunge av tensorar og videokamera for å observere fiskeåtferd, og Jan Tore Øvredal har stødig køyrt Focus-farkosten over trålen med kamera og scanningsonar i alle tenkjelege posisjonar. Så snart fisken er om bord har Hildegunn og Anne kasta seg over torskar som er like store som dei sjølve og målt både lengder og bredder nede i fiskeprøverommet.
 
Montering av utstyr på trålen
Montering av utstyr på trålen
 
Foto: Egil Ona
 
For CRISP-prosjektet kan dei ulike forsøka oppsummerast kort:
• Fangsteffektivitet på stor fisk (Melanie), återdsstudier med kamera og DEEPVISION (Scantrol)
• Utprøving av styrbare tråldører (Egersund/Simrad)
• Utprøving av nye trålauge og mange andre trådlause målarar (Simrad, Thor Bærhaugen)
• Utprøving av høgfrekvent ADCP inne i trålen for å kartleggja finskala straumar og turbulensfelt inne i trålen (HI/Nortek/Simrad, Melanie Underwood, Egil Ona, Thor Bærhaugen)
• Utprøving av nytt fangsbegrensningssystem for kommersielt fiske (HI/FiskDir, Olafur Ingolfsson og Dagfinn Lilleng)
 
Toktvideo fra Crisp-toktet 2015.
 
Alle har fått gode forskingsdata hovudsakleg på fiskeslaga sei og torsk, og eigne rapportar frå kvart tema blir laga etter toktet.
På SEEBED-prosjektet har Gavin Macaulay, Egil Ona og Rolf Korneliussen prøvd å måle om det nye ekkoloddet EK80, som nyttar nye prinsipp i signalbehandling, kan måle botnfisk nærmare botn enn andre typer ekkolodd, for eksempel det som står om bord, Simrad EK60.
 
Akustikk på CTD

Akustikk på CTDen. Seabird 911 CTD med Simrad WBAT (EK80) som akkurat her kjører ein 70 kHz, 18 graders splittstråle svingar for å profilere vass-søyla. WBAT systemet inneheld 2 stk EK80 ekkolodd med batteri, datamaskin og datalager, og kan køyra 2 stk splittsrålesvingarar eller 8 stk enkeltstråle system. Vi har testa denne på fisk og plankton frå overflata til 650 m på den djupaste stasjonen.

Foto: Egil Ona
 
Vanlege ekkolodd som sender berre ein frevens, har problem heilt nede ved botnen i den såkalla dødsona. Her inngår både strålebredde og pulslengde i reknestykket, og begrensningane på måling av botnfisk er rimeleg godt beskrive tidlegare. Med super oppløysning nær botn, ved at ekkohøgda er redusert frå 0.75 meter til om lag 0.05 meter, så kan vi "plukke" enkelfisk lettare ut av botnen enn før. Sidan målingane er på to typar ekkolodd samtidig, med annakvart ping (multipleksing), så er det lett å samanlikne datene i LSSS-systemet.
 
Vidare har vi etter full kalibrering utført direkte samanlikningar mellom dei to ekkolodda, slik at sluttresultatet skal bli det samme i framtida, når lodda blir skifta ut. Dette er ein del av kvalitetsikringsarbeidet ved Havforskingsinstituttet, for oss og resten av brukarane ute i verda.
 
Ekkogram av botnfisk på 120 m

Ekkogram av botnfisk på 120 m djup på Tromsøflaket, målt med TS proben ca 30 m over botnen. Her er det vanskeleg å gøyma seg for andre enn flate fiskar utan symjeblære!

 
Innimellom har vi også målt svært nær botnen med nedsenkbar probe, slik at vi med 4 stk EK80-ekkolodd verkeleg kan finne ut kor mykje fisk som står heilt nede ved botnen. Her vil vi, sjølv om buken på ein torsk står på botnen, registrere den fordi symjeblæra, som gir hovedekkoet frå fisken, likevel står 3-8 cm over botnen, på ryggsida. Flotte bilete frå slike forhold er innsamla her.
 
Utanom hovudformålet med toktet har vi også registrert mykje raudåte og krutåte på høgfrekvensane og teke prøver av dette, og nokre få stimar av gytande sild og lodde som staurkvalen har gassa seg med. Masse liv i sjøen med andre ord, og få plassar i verda er då vakrare enn Tromsøflaket i mars, med vårlys inne i Tromsalpane og fisk på dekk.
 
Helsing Egil Ona, mannskapet på G.O. Sars, CRISP og SEEBED-gjengen
 

 

CRISPs nettsider

Kontaktpersoner

Egil Ona
909 98 087