Hopp til hovedteksten
Norsk-russisk forskarsymposium
45 personar frå forsking, forvalting og fiskeri deltok på det 17. norsk-russiske symposiet, som fann stad i Bergen 16. og 17. mars.
Utskriftsvennlig versjon

Drøfta evaluering av haustingsreglar for tre barentshavsartar

Det siste året har ICES evaluert haustingsreglane for torsk, hyse og lodde i Barentshavet. Evalueringa vart offentleggjort akkurat i tide til det norsk-russiske symposiet, der representantar frå "alle sider av bordet" fekk høve til å diskutere resultata.

Det 17. norsk-russiske symposiet hadde tittelen «Long term sustainable management of living marine resources in the Northern Seas», og vart avvikla i Bergen i midten av mars. Til saman 45 personar frå forsking, forvalting og fiskerinæring, hovudsakleg i Noreg og Russland, var påmelde.

Fiskerikommisjonen bestilte evalueringa

I tillegg til dei 18 innmelde foredraga, var det seks inviterte føredrag som sette søkjelyset på berekraftig forvalting frå ulike ståstader. I mange av føredraga vart det lagt fram ulike aspekt ved evalueringa av haustingsreglane som Den norsk-russiske fiskerikommisjonen har bestilt hjå ICES (Det internasjonale råd for havforskning). Dette arbeidet har gått føre seg sidan i fjor, og resultata vart offentleggjorde berre fem dagar før symposiet starta. Symposiet vart difor eit glimrande høve til å diskutere resultata av denne evalueringa, særleg sidan det var representatar til stades frå forvaltarane, fiskarane og forskarane på Havforskingsinstituttet, PINRO og andre forskingsinstitutt og ICES. I tillegg til dei mange arbeida som vart lagt fram og diskutert, vart det også plass til ein paneldiskusjon mot slutten av symposiet, der nokre sentrale tema frå evalueringane vart diskutert i større breidde.

Stort sett føre-var

Evalueringa av haustingsreglane for torsk, hyse og lodde i Barentshavet (sjå meir i boksen til høgre) omfattar ei rekkje reglar, inkludert dei som vert brukt i dag. 10 ulike reglar for torsk, 6 for hyse og 4 for lodde vart evaluerte. Alle reglane for torsk vart vurderte som føre-var. Det same gjaldt for hyse sjølv om ein av reglane var svært nær føre-var-grensa. For lodde var det berre dagens regel som vart vurdert som føre-var. Det er opp til den norsk-russiske fiskerikommisjonen å bestemme om ein skal endre dei gjeldande forvaltingsreglane, og dette vil bli diskutert når denne møtest i oktober i år. Før det vil det blir ein prosess på norsk og russisk side der næring, forvalting og forsking diskuterer resultata av evalueringa.
 

ICES-evalueringa av haustingsreglane for torsk, hyse og lodde i Barentshavet

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177