Havforskingsrapporten kjem ut i eit opplag på 2500. Det høge opplaget skuldast den store etterspurnad – vi har ein fast og aukande lesarskare i forvalting og departement, blant studentar og i dei ulike marine næringane. Rapporten får også bein å gå på når vi er på messer og andre arrangement.
Dei tre første kapitla – akvakultur, kyst og hav – inneheld aktuelle temaartiklar i tillegg til ein del rapportering og årlege tilstandsskildringar. Ressursdelen gjer opp status for meir enn 50 artar, og blir kvart år grundig oppdatert med gjeldande utbreiingskart og andre viktige data. I år har vi også med ei side med nøkkeltal; henta frå årsmeldinga til Havforskingsinstituttet.
Her kan du bestilla rapporten: