Hopp til hovedteksten
Lakselus
Synssansen er viktig for lakselusa. Augespotten, den svarte prikken midt på hovudet til lusa, er langt meir følsam for lys enn menneskeauget.  
Foto: Karin Kroon Boxaspen
Utskriftsvennlig versjon

Overvakinga av lakselus har starta

Den årlege overvakinga av lakselus langs norskekysten er godt i gang. Også i år blir overvakinga gjennomført som ein kombinasjon av modellert smittepress, garn- og rusefangst av vill laksefisk, bruk av vaktbur og tråling etter utvandrande laks.

Måla med overvakinga er å få kjennskap til smittepress av lakselus langs kysten og kor mykje lus det er på vill laksefisk. Det er totalt 50 stasjonar fordelt langs heile kysten. Overvakinga er delvis varslingsbasert slik at spreiingsmodellen for lakselus blir brukt til å velje ut aktuelle stasjonar.

Omfattande feltarbeid

Feltarbeidet som blir gjort i overvakingsarbeidet er omfattande. Heile 17 team jobbar langs kysten for å samle inn nok data til at forskarane kan seie noko om kor mykje lakselus det er på vill laksefisk. I tillegg vert det brukt vaktbur (små merdar der det blir satt ut fisk) for å overvake smittepresset i enkelte fjordar. Vi trålar òg etter utvandrande laks i Hardanger og i Trondheimsfjorden.

Garn- og rusefangst av vill laksefisk startar 23. mai i Sør-Noreg, og etter kvart som sjøtemperaturen stig, vil slik fangst òg bli starta lenger nord. Overvakinga vert avslutta i Porsangerfjorden i midten av august.

Modellar dekker heile landet

Modellovervakinga dekker heile landet. Overvakinga starta i mars og varer ut sesongen. Vitskaplege publikasjonar dokumenterer at det er samanheng mellom utslepp av lus frå oppdrettsanlegg og lakselus på villfisk i nærområdet. I spreiingsmodellen vert det plotta inn data frå oppdrettarane som fortel kor mykje lus det er på oppdrettsfisken, i tillegg vert data om temperatur, saltinnhald, straum og vind brukt. På denne måten kan forskarane modellere kvar luselarvane spreier seg etter at dei vert klekte i oppdrettsanlegga. Desse opplysningane vert brukte til å bestemme kva stasjonar som skal undersøkjast grundig gjennom feltarbeid, for på den måten å verifisere om resultata frå modellen stemmer.

Om overvakinga

Havforskingsinstituttet har ansvaret for den nasjonale overvakinga av lakselus og utfører arbeidet saman med NINA og Uni Research på bestilling frå Mattilsynet. Det vil kome ein førebels framdriftsrapport i juni og ein til hausten. Den endelege rapporten vert klar rundt årsskiftet.

Fakta om lakselus

Latinsk navn: Lepeophtheirus salmonis salmonis (Atlanterhavet), L. salmonis oncorhynchi (Stillehavet)
Utbredelse: Finnes naturlig i norske farvann. Omfanget har økt betraktelig i takt med veksten i oppdrettsnæringen.
Biologi: Lakselusen er en parasitt med åtte livsstadier fordelt på tre frittlevende, to fastsittende og tre mobile stadier. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Størrelse: voksen hunn: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), voksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod fra laksefisk. Lusene spiser først når de sitter på en vertsfisk (fastsittende og mobile stadier).
Formering: Hele året, men formerer seg hurtigere når temperaturen øker utover våren.
Spredning: Frittlevende stadier sprer seg via fjord- og kyststrømmer.
Bekjempelse: Biologiske midler (leppefisk) eller kjemikalier (legemiddel).

Lakselus

Kontaktpersoner

Ørjan Karlsen
922 93 930