Hopp til hovedteksten
Olav Kjesbu
Olav Sigurd Kjesbu
Foto: Aleksander Sandvik
Utskriftsvennlig versjon

Fekk 50 000 dollar frå amerikansk stifting

– Ei fjør i hatten for Hjortsenteret og Havforskingsinstituttet, seier Olav Kjesbu. Han leiar Hjortsenteret for marin økosystemdynamikk, som etter berre to års drift har fått 50 000 dollar; vel 410 00 kroner, frå Annenberg foundation.

Annenberg Foundation konsentrerer seg i hovudsak om gode formål i USA, men støttar også ideelle organisasjonar andre stader i verda. I fjor sommar vende dei merksemda mot Noreg og Vestlandet, og tok kontakt med Olav Kjesbu på Hjortsenteret.

Samfunnsnyttig, framtidsretta og tverrfagleg

Hjortsenteret har fått namnet etter Johan Hjort – havforskingas far  i Noreg. Det er eit såkalla nettverksenter som er lokalisert på Havforskingsinstituttet, og elles tel Universitetet i Bergen, Uni Research og Nansensenteret. Senteret skal – enkelt forklart – skaffa kunnskap om korleis vi kan hausta meir bærekraftig mat frå havet; det gjeld både med tanke på den aukande befolkninga og klimaendringane. 

– Annenberg finn i hovudsak sjølv aktuelle kandidatar som kan passa til kriteria. Dei legg spesielt vekt på framtidsretta og visjonært leiarskap. Dei likte også den samfunnsnyttige dimensjonen ved Hjortsenteret, og at vi arbeider tverrfagleg og femnar om fleire institusjonar, fortel Olav Kjesbu.

Konferanse og støtte til unge forskarar

Eit sju–åtte medlemmar stort reisefølgje frå stiftinga besøkte Bergen og fleire vestlandsfjordar på seinsommaren i fjor. Alt då fekk Kjesbu signal om at Hjortsenteret kunne venta seg støtte.
Det siste året har det vore omfattande korrespondanse mellom stiftinga i California og instituttet på Nordnes. Annenberg har særs strenge krav til dokumentasjon for å unngå mistanke om korrupsjon e.a. – til gjengjeld er det snakk om lite og effektiv rapportering i etterkant.
Pengane skal brukast på ein stor økosystemkonferanse i Sør-Afrika til hausten, der Olav Kjesbu deltar saman med Svein Sundby, ein annan sentral forskar på Hjortsenteret. Det er også sett av pengar til å støtta yngre forskarar frå land der finansieringssituasjonen er vanskeleg.   


     


 

Kontaktpersoner

Olav Kjesbu
930 47 611