Hopp til hovedteksten
Vanlig uer
Utskriftsvennlig versjon

Varsku om vanleg uer

Det trengs drastiske verkemiddel for å snu den negative utviklinga for vanleg uer, seier forskarane på Havforskingsinstituttet. Dei tek til orde for at også fritidsfiskarane bør melda inn fangstane sine. 

Medan torsken, seien og hysa i Barentshavet er i god forfatning, blinkar varsellampane for kysttorsk og vanleg uer.


Fare for kollaps

Spesielt er det nedslåande tal for vanleg uer, som har vore i kontinuerleg nedgang sidan slutten av 1990-tallet. Bestanden er no på det lågaste som er målt i tidsserien, og dei siste åra har ICES (Det internasjonale råd for havforsking) gjeve råd om nullfangst. Arten er også klassifisert som sterkt trua på Norsk raudliste. Det skjer knapt noko direkte fiske på vanleg uer, og dei 2800 tonna som vart registrert i 2015 vart i hovudsak teke med garn og line og som bifangst i trål. I tillegg kjem fangstane frå fritidsfisket, som ein ikkje kjenner omfanget av. Dersom fisket held fram på dagens nivå og rekrutteringa ikkje tek seg opp, står bestanden i fare for å kollapsa før 2020. 

Betre overvaking og rapportering

På grunn av den svake tilstanden støttar Havforskingsinstituttet ICES-rådet om nullfiske på vanleg uer og ytterligare skjerpa reglar for bifangst.

– Vi ser også at datagrunnlaget for bestandsberekningane ikkje er tilfredsstillande. For å kunna overvaka bestandsutviklinga med større presisjon, er det heilt naudsynt med betre datainnsamling i samarbeid med næringa. Då kan vi følgja med i alderssamansetjinga av bifangstane og utforma fiskeriuavhengige tokt. I tillegg meiner vi at det bør etablerast eit rapporteringssystem for fritidsfisket som inkluderer vanleg uer, seier Benjamin Planque, som er bestandsansvarleg for vanleg uer på Havforskingsinstituttet.

Vern av sårbare bestandar

Eit slikt rapporteringssystem har vore drøfta ei stund sidan fritidsfisket står for ein del av uttaket av sårbare bestandar som hummar, kysttorsk og vanleg uer. Sjølv om det ikkje finst tal for kor mykje vanleg uer fritidsfiskarane tar, er det sannsynleg at det vert fiska ein del. Vanleg uer – med den flotte raudfargen, det gode fiskekjøtet og den karakteristiske utsjånaden – vert rekna som ein troféfisk blant fritidsfiskarane. Fisken er også lett å få i til dels store mengder når hoene samlar seg på grunner for å yngla.

Fiskar på siste resten

Vanleg uer lever lenge, og kan bli over 60 år. På grunn av fleire tiår med svak rekruttering, er det den siste resten av godt vaksen fisk som no vert tatt.

– Det hastar med å verna det som er att av moden fisk i bestanden. I første omgang for ein ti-årsperiode medan vi undersøker om rekrutteringa betrar seg og etter kvart resulterer i  kjønnsmodne individ. Til dess er situasjonen alvorleg, seier Benjamin Planque. 

Kontaktpersoner

Benjamin Planque
488 93 043
Kjell Nedreaas
995 38 549