Hopp til hovedteksten
Skjermbilete fra smittepressmodellen
Skjermbilete frå modellen som viser smittepress frå lakselus.
Utskriftsvennlig versjon

Nye kart viser kvar lakselusa er

No kan alle som vil få sjå kvar lakselusa er langs kysten og i fjordane våre. Forskarane har i ei tid brukt modellar som kan minne om vêrvarsling til å følgje med på lusa, no vert dei same karta tilgjengelige for alle via nettsidene våre.

Ved hjelp av karta kan ein sjå kva område som har høgt og lavt smittepress av lakselus som er i det smittsame kopepodittstadiet. Dersom det til dømes ligg eit oppdrettsanlegg i eit område der det er høgt smittepress, er det sannsynleg at fisken i anlegget blir smitta og at ein etter nokre dagar (når lusa har vakse seg så stor at den blir synleg) kan sjå at fisken har fått lus.

- Ein må likevel tenkje på at modellen ikkje er 100 % sikker. Kvar rute i modellen er 800x800 meter så lusene kan drive rett forbi eit anlegg utan å kome i kontakt med fisken, og lusene kan òg vere i eit område/firkant ved sidan av der den i følgje kartet skal vere, fortel Ørjan Karlsen som er prosjektleiar for den nasjonale overvakinga av lakselus.

Modellresultata representerer uansett eit godt og viktig hjelpemiddel når smittepresset frå lakselus på villfisk skal vurderast. Modellen blir alt brukt av forskarane til å undersøkje kva område det er høgt og lågt smittepress i når dei skal avgjere kvar stasjonane for feltarbeidet skal vere. Resultata frå feltarbeidet vert igjen brukt til å verifisere modellen. Til no har det vore godt samsvar.

Viser ikkje smittekjelden

Karlsen er klar på at det ikkje er mogeleg å finne smittekjelden via modellen. Det kjem av at lakselusa ikkje er smittsam i perioden rett etter klekking. I denne perioden vert lusa frakta med straumen. Lakselus er eit skaldyr, og etter kvart som den veks skiftar den skal fleire gonger og den endrar også form. Tempoet på utviklinga er avhengig av temperaturen, høg temperatur gjer raskare utvikling enn låg. I modellen vert det teke omsyn til både temperatur og straumforhold.

Forseinking på 10 dagar

På karta kan ein sjå det totalt talet på lakseluslarvar (kopepodittar) per kvadratmeter for ein periode på 10 dagar. Kartet vert oppdatert kvar 10. dag og vert publiserte ei veke på etterskot.

I tillegg til at ein kan sjå utviklinga av mengda smittsam lakselus langs heile kysten veke for veke sidan april, kan ein få summert opp utviklinga av tall på lakselus innan kvart av dei føreslegne produksjonsområda.

Referansar og publikasjonar:

Asplin L., K. Boxaspen & A. D. Sandvik, 2004. Modelled distribution of sea lice in a Norwegian fjord, ICES C.M. 2004/P:11, 12 pages.

Asplin, L., Boxaspen, K.K. & Sandvik, A.D. 2011. Modeling the distribution and abundance of planktonic larval stages of Lepeophtheirus salmonis in Norway.  In S.R.M. Jones and R.J. Beamish (eds.) Salmon Lice: An integrated approach to understanding parasite abundance and distribution. Wiley-Blackwell, Hoboken, New Jersey, pp. 31-50.

Asplin, L., Johnsen, I.A., Sandvik, A.D., Albretsen, J., Sundfjord, V., Aure, J. & K.K. Boxaspen. 2014. Dispersion of salmon lice in the Hardangerfjord. Marine Biology Research, 10:3, 216-225, DOI:10.1080/17451000.2013.810755.

Johnsen, I.A., Fiksen, Ø., Sandvik, A.D., Asplin, L., 2014. Vertical salmon lice behaviour as a response to environmental conditions and its influence on regional dispersion in a fjord system, Aquaculture Environment Interactions, 5, 127-141. DOI: 10.3354/aei00098.

Johnsen, IA., Asplin, L., Sandvik, AD., Serra-Llinares, RM., 2016. Salmon lice dispersion in a northern Norwegian fjord system and the impact of vertical movements. Aquaculture Environment Interactions, 8, 99-116, DOI: 10.3354/aei00162.

Samsing, F., Johnsen, I., Stien, L.H., Oppedal, F., Albretsen, J., Asplin, L., Dempster, T., 2016. Predicting the effectiveness of depth-based technologies to prevent salmon lice infection using a dispersal model. Preventive Veterinary Medicine, 129, 48-57,  doi:10.1016/j.prevetmed.2016.05.010.