Hopp til hovedteksten
Kjersti Opstad Strand
Austevollingen Kjersti Opstad Strand representerer Havforskingsinstituttet i Forskar grand prix Bergen til hausten. Ho er opphavleg meteorolog, men i doktorgradsarbeidet ser ho mellom anna på samanhengen mellom vêr, havstraumar og torskeegg.  
Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Forskningsdagene Bergen
Utskriftsvennlig versjon

Frå vêrvarsling til torskevarsling

Egg og larver frå torsk og annan fisk skal ha maks flaks og vera heldige med vêret for å koma seg frå Lofoten til oppvekstområda i Barentshavet. Kjersti Opstad Strand har bakgrunn som meteorolog, og det kjem godt med når ho skal varsla skjebnen til torskeavkommet.    

Begge foreldra er biologar, og mor er også tilsett på Havforskingsinstituttet. Men Kjersti Opstad Strand (28) var først nokre år i meteorologiens famn, før ho tok steget ut i havet for å forska på korleis vêret påverkar torsk og annan fisk som lever langs norskekysten.

Utanfor komfortsonen

Til hausten deltek Kjersti Opstad Strand i Forskar grand prix Bergen saman med ni andre doktorgradsstudentar. Der har ho fire minuttar på seg til å fortelja om samanhengen mellom vêr, havstraumar og små torskeegg, og overbevisa dommarar og publikum om at ho har noko i finalen å gjera.

– Å vera med på forskar grand prix er eit steg ut av komfortsonen for meg. Men når du er forskar og sit på ekspertise på eit felt, så er det viktig å få det ut til samfunnet. Det er slik forskinga best kjem til nytte, seier Kjersti Opstad Strand.

Trening må til

Ho fortel at deltakarane lærer framføringsteknikkar, og får gode tilbakemeldingar på korleis dei ter seg på scenen; blikkontakt, rørsler og stemmebruk.

– Desse tinga lærer vi aldri på studiet. Det er små ting kvar for seg, men viktig for heilskapsinntrykket når du skal møta eit nytt publikum, seier ho.
Det mest krevjande er kanskje å krympa store mengder forsking, kunnskap og metode til ein fire minuttar lang presentasjon – som er informativ, spissa og spennande.

– Det er utfordrande å forklara til dels kompliserte samanhengar slik at ”alle” forstår det. Som for andre aktivitetar må ein også trena for å bli ein god formidlar. 

Viktig brikke i det store biletet

Kjersti Opstad Strand undersøker – enkelt forklart – kva vêr og klima har å seia for havstraumane langs norskekysten, og korleis desse prosessane påverkar overlevinga til fiskeegg og fiskelarver.

– Eg ser på det som skjer mellom vêret og dei øvre laga i vassøyla, der egg og etter kvart larver driv fritt etter gytinga. For å overleva må dei hamna i ein gunstig strøm og bli frakta til oppvekstområda i Barentshavet. Eit egg som er ”uheldig med vêret” driv ut i djuphavet, og er tapt for bestanden. Så er det slik at dei fleste egga døyr uansett av svolt, av di dei blir spist eller av andre grunnar. Berre 0, 001 prosent av torskeavkommet veks opp og blir til voksen fisk. Samanhengen mellom vêr og larvetransport ei lita, men viktig brikke i det store biletet. 

Oljeutslepp i gyteområde

Vêret spelar også ei rolle dersom det skulle skje eit oljeutslepp i eller nær dei viktige gyteområda. Storm gjev til dømes store bølgjer som blandar oljedråpane nedover i vassøyla eller raskt transporterer dei vekk.

– Er det høgtrykk og stille og fint vêr, utviklar utsleppet seg annleis. Og kva då om det flyt nygytte torskeegg i området der olja spreier seg? spør Kjersti Opstad Strand. Dei som vil læra meir om tema, kan koma og heia på Kjersti når ho skal i elden 28. september. Konkurransen går av stabelen på Høgskolen i Bergen.  

 

Les meir og sjå alle kandidatane:

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384