Hopp til hovedteksten
Copepodittar av lakselus
Copepodittane til høgre er døde etter å ha vært i ferskvatn i fem minutt. Til venstre er ein normal copepoditt.
Foto: Sussie Dalvin
Utskriftsvennlig versjon

Ferskvatn drep best unge lakselus

I perioden rett etter at lakselusa har festa seg på ein fisk, tåler den ferskvatn svært dårleg. Det kan oppdrettarane utnytte for å halde nede lusenivået på fisken i merdane.

Sidan lakselus berre lev i sjøvatn, har det lenge vore kjent at dei vaksne lusene ikkje klarar seg i ferskvatn i lengre tid. Dersom fisk med lus sym opp i ferskvatn, dett lusa av etter ei tid og døyr. Det som har vore usikkert er kor godt dei unge lusene har tolt å opphalde seg i ferskvatn og eventuelt kor lenge. Lakselus har åtte utviklingsstadium (nauplius I og II, kopepoditt, chalimus I og II, halvvaksen I og II og vaksen), og det er først når den når kopepoditt-stadiet at den kan feste seg på ein fisk.

- Vi utførte fleire forsøk der vi undersøkte kor lenge lakselus overlever i ferskvatn i alle stadia etter at dei har festa seg på ein fisk. Resultatet viser tydeleg at lusa toler ferskvatn dårlegast i perioden rett etter at den har festa seg på fisken, seier Frode Oppedal som er forskar ved Havforskingsinstituttet.

Brukar ferskvatn mot andre parasitter

Frå før blir ferskvatn brukt i behandling mot amøbe, eller AGS (amøbegjellesykdom). Då vert fisken halden i ferskvatn i 3-4 timar. Desse resultata tydar på at under slik behandling kan ein samstundes oppnå god effekt mot lus som nyleg har festa seg på fisk. Dersom ein hadde hatt eit ferskvassbasseng i overflaten av merdane, til dømes i toppen av snorkelen i ei snorkelmerd, er det mogeleg at det kan ha dødeleg effekt på lus som nyleg har festa seg til fisken. Særs effektivt vil det vere om laksen oppheld seg mykje i ferskvatnet dagane etter den har vorte infisert.

- Vi visste frå før at vaksne lakselus kan overleve i ferskvatn i fleire veker. For å oppretthalde saltbalansen i kroppen i denne perioden, grev dei seg mellom anna ned i huda på verten. Det vi ikkje visste noko om, var korleis yngre lus klarte seg i møtet med ferskvatn, fortel Daniel Wright som er  stipendiat ved Universitetet i Melbourne (Australia) og har utført eksperimenta ved Havforskingsinstituttets forskingsstasjon i Matre.
Også i naturen brukar laksefisk ferskvatn til avlusing. Til dømes er det observert at sjøaure sym opp i elvar dersom den har mange lus på seg.

Nesten all lusa vart drepen

I løpet av forsøket undersøkte forskarane overlevinga til fem ulike stadier: kopepoditt, fastsitjande chalimus, rørleg halvvaksen I og II og vaksne.
Når det yngste stadiet, kopepoditt, vart utsett for ferskvatn tok det berre ein time før den slutta å bevege seg og var antatt død. For dei eldre stadia tok det vesentlig lenger tid, enkelte lus klarte seg i ferskvatn i meir enn åtte dagar.

Sidan det er vanskeleg å sjå om ei lita lus er død, vart fisken som hadde lus på flytta tilbake til sjøvatn slik at forskarane kunne undersøke kor mange av dei som framleis var i live.

- Etter at fisken hadde vore sju dagar i sjøvatn, talde vi lus på nytt. Resultatet viste at heile 96 % av kopepodittane var vekk etter at fisken hadde vore behandla med ferskvatn i ein time, fortel Tim Dempster, forskar og rettleiar ved Universitetet i Melbourne og professor 2 ved Havforskingsinstituttet.

Fakta om lakselus

Latinsk navn: Lepeophtheirus salmonis salmonis (Atlanterhavet), L. salmonis oncorhynchi (Stillehavet)
Utbredelse: Finnes naturlig i norske farvann. Omfanget har økt betraktelig i takt med veksten i oppdrettsnæringen.
Biologi: Lakselusen er en parasitt med åtte livsstadier fordelt på tre frittlevende, to fastsittende og tre mobile stadier. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Størrelse: voksen hunn: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), voksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod fra laksefisk. Lusene spiser først når de sitter på en vertsfisk (fastsittende og mobile stadier).
Formering: Hele året, men formerer seg hurtigere når temperaturen øker utover våren.
Spredning: Frittlevende stadier sprer seg via fjord- og kyststrømmer.
Bekjempelse: Biologiske midler (leppefisk) eller kjemikalier (legemiddel).

Lakselus

Kontaktpersoner

Frode Oppedal
971 66 781