Hopp til hovedteksten
Formidlingsprisen
Gro I. van der Meeren (t.h.) vart overrekt prisen av administrerande direktør Sissel Rogne og kommunikasjonsdirektør Kari Østervold Toft.  
Foto: Espen Bierud
Utskriftsvennlig versjon

Utrøytteleg formidlar fekk pris

Ho er ekspert på hummar og krabbe, men arbeidsfeltet er stadig blitt utvida. Heile tida har Gro I. van der Meeren vore oppteken av å dela av kunnskapen ho har tileigna seg. No er ho heidra med Havforskingsinstituttets formidlingspris.  

Utdeling av formidlingsprisen er fast innslag under dei årlege fagdagane på Havforskingsinstituttet. Tre år på rad er prisen gått til forskarar frå Flødevigen, men ikkje denne gongen. I år var det Austevoll-baserte Gro I. van der Meeren frå faggruppe økosystemprosessar som trekte det lengste strået.

Skaldyr og havforvalting

Van der Meeren har spesielt drive med skaldyrforsking, men dei siste åra har ho også arbeidd med rådgivinga inn mot heilskapleg økosystembasert havforvalting. Ho er også involvert i mykje av skule- og studentsamarbeidet som skjer på instituttet.
Vinnaren vert kåra av ein ekstern jury, som i år talde Ole Magnus Rapp (journalist i Aftenposten, Nordlys o.a.), Kjersti Sandvik (journalist i Fiskeribladet Fiskaren)  og  Borgny Brørvik (kommunikasjonsrådgjevar i Fiskeridirektoratet).

Svarar alle

Om prisvinnaren seier juryen at ho er usedvanleg kunnskapsrik og ikkje kvir seg for å grava seg ned i kjeldene for å finna svar på det ho ikkje måtte vita. Vidare heiter det at Gro van der Meeren evnar å fortelja enkelt og fengjande om feltet sitt. Ho er flink til å krydra historiene med kuriosa, men firer aldri på fakta. Det var også trekt fram at Gro I . van der Meeren tar alle førespurnader like seriøst; det vere seg om dei kjem frå skuleelevar eller journalistar. 


 

Kontaktpersoner

Gro van der Meeren
941 68 742