Hopp til hovedteksten
Publikasjonsprisen 2015
Maria Fossheim fekk publikasjonsprisen 2015 for Nature-artikkel om kva som skjer med fiskesammfunna når varmare vatn strøymer nordover og vind og ismassane får endra roller i økosystemet. Forskingsdirektør Geir Lasse Taranger delte ut prisen.
Foto: Espen Bierud
Utskriftsvennlig versjon

Publikasjonsprisen: Vann med torsk og klima

Kva forklarar den store torskebestanden i Barentshavet; gunstig klima eller vellukka forvalting? Dei sørlege fiskesamfunna – og spesielt toppredatorar som torsk – flyttar nordover etter kvart som temperaturen i havet aukar. Endringa skjer langt hurtigare enn klimaforskarane har sett for seg.

Tidlegare har publikasjonsprisen lege to år tilbake i tid, men i år var også fjorårets publikasjonar med i vurderinga. Dermed vart det delt ut publikasjonspris både for 2014 og 2015.

Torsk, hummardeformitetar og resistens

Publikasjonsprisen går til artiklar som anten har førsteforfattar frå Havforskingsinstituttet eller der forskingsarbeidet har skjedd her. Juryen er ekstern, og kårar den beste av tre nominerte artiklar, som er utvald blant artiklar foreslått av instituttets eigne folk.
For 2014 handla dei nominerte artiklane (sjå tittel og forfattarar nedst i teksten) om korleis klima og forvalting har påverka torskebestanden i Barentshavet, deformitetar hos hummar grunna lusemiddelet teflubenzuron og korleis legemiddelresistens spreier seg hos lakselusbestandar på begge sider av Atlanterhavet.

God forvalting i Barentshavet

Det var Olav Kjesbu og co. (alle forfattarane er frå Havforskingsinstituttet) som vann publikasjonsprisen for 2014. Dei har vist at sjølv om det gunstige klimaet har hatt positiv effekt på torsken i Barentshavet, så har god forvalting vore minst like viktig for den historiske veksten i bestanden. 
Juryen kallar arbeidet ”ein spennande og sjeldan syntese av populasjonsmodellering, haustestrategiar og miljøfaktorar”. Vidare heiter det at arbeidet er godt presentert gjennom tekst og figurar, og er lett å følgja også for dei som ikkje er spesialistar. Det er publisert i ein svært prestisjefylt journal, og har allereie over 30 siteringar.

Publikasjonsprisen 2014

Olav Kjesbu fekk publikasjonsprisen 2015 for ein PNAS-artikkel om utviklinga i torskebestanden i Barentshavet. Alle medforfattarane kjem frå Havforskingsinsituttet, og fulgte i fin rekke etter Kjesbu på podiet.  

Foto: Espen Bierud

Gentikk, klimaendringar og silderekruttering

Dei nominerte artiklane for 2015 dreidde seg om kva gen som påverkar kjønnsmodninga hos atlantisk laks, korleis fiskesamfunna flyttar nordover og kva som karakteriserer den norske kyststraumen i år med høg silderekruttering.
For 2015 var det Nature-artikkelen til Maria Fossheim og co. som vann fram hos juryen. Her vert det skildra korleis klimaendringar (m.a. issmelting og tilførsle av varmare vatn) har ført til ei såkalla borealisering (etter boreal som gjeld nordlege, men ikkje arktiske strøk) av fiskesamfunna i Arktis. 

Publiserer i dei beste tidsskrifta

Juryen skriv at artikkelen er med på å setja Havforskingsinstituttet på den internasjonale stjernekartet. Den viser korleis og kor fort effektane av klimaendringar kan eskalera nedover eller oppover i næringskjeda, og dokumenterer at endringane går langt raskare enn antatt. Forfattarane kartlegg kva konsekvensar dette skiftet kan få for det arktiske økosystemet. Denne kunnskapen er viktig for forskarane, og ikkje minst for fiskeriforvaltinga i desse viktige havområda.

Dei nominerte for 2014:
«Synergies between climate and management for Atlantic cod fisheries at high latitudes» PNAS, March 4, 2014, vol. 111, no. 9 Kjesbu, O.S., Bogstad, B., Devine, J.A., Gjøsæter, H., Howell, D., Ingvaldsen, R.B., Nash, R.D.M., and Skjæraasen, J.E., 2014.
«Mortality and deformities in European lobster (Homarus gammarus) juveniles exposed to the anti-parasitic drug teflubenzuron» Aquatic Toxicology, 149: 8-15. Samuelsen, O.B., Bjørn T. Lunestad, Eva Farestveit, Ellen S. Grefsrud, Rita Hannisdal, Bjarte Holmelid, Tore Tjensvoll, and Ann-Lisbeth Agnalt, 2014.
«Human-induced evolution caught in action: SNP-array reveals rapid amphi-Atlantic spread of pesticide resistance in the salmon ectoparasite Lepeophtheirus salmonis» Bmc Genomics 15:937. Besnier, F., Kent, M., Skern-Mauritzen, R., Lien, S., Malde, K., Edvardsen, R. B., Taylor, S., Ljungfeldt, L. E. R., Nilsen, F., Glover, K. A., 2014.

Dei nominerte for 2015:
«The vgll3 Locus Controls Age at Maturity in Wild and Domesticated Atlantic Salmon (Salmo salar L.)». Males  PLoS Genet. 11(11). Ayllon F., Kjærner-Semb E., Furmanek T., Wennevik V, Solberg M.F., Dahle G., Taranger G.L., Glover K.A., Almén M.S., Rubin C.J., Edvardsen R.B. and Wargelius A. 2015.
«Recent warming leads to a rapid borealization of fish communities in the Arctic». Fossheim M., Primicerio R., Johannesen E., Ingvaldsen R.B., Aschan M.M. and Dolgov A.V.  2015. Nature Climate Change 5, 673–677.
«Characteristics of the Norwegian Coastal Current during years with high recruitment of Norwegian Spring Spawning herring». Skagseth Ø., Slotte A, Stenevik E.K. and Nash, R.D.M. 2015. PLoS ONE.

 

Kontaktpersoner

Olav Kjesbu
930 47 611
Maria Fossheim
55 23 85 00