Hopp til hovedteksten
Rådgjevingsprisen 2015
Bjørn Ådlandsvik fekk rådgjevingsprisen 2015. Han tilhøyrer faggruppe oseanografi og klima. Prisen vart delt ut av forskingsdirektør Karin Kroon Boxaspen.  
Foto: Espen Bierud
Utskriftsvennlig versjon

Heidra for råd om produksjonsområde

Bjørn Ådlandsvik har fått rådgjevingsprisen for forslaget til produksjonsområde for laks- og ørretoppdrett.

Råd til offentlegheita er så og seia hovudproduktet til Havforskingsinstituttet, og det organisasjonen blir målt på. Dei siste åra er det difor gjeve ein eigen pris til personar som i særleg grad har bidrege til ein eller fleire av rådgjevingsprosessane som skjer på instituttet.

Oppfølging av stortingsmelding

Programleiarar, forskingsgruppeleiarar og andre hadde nominert kandidatane til rådgjevingsprisen, medan avtroppa direktør Tore Nepstad hadde siste ordet. Kåringa skjedde under dei årlege fagdagane, og det var Bjørn Ådlandsvik frå faggruppe oseanografi og oseanografi som vart ropt fram på podiet. Han får prisen for rådgivinga om produksjonsområde for akvakultur, som vart oversendt Nærings- og fiskeridepartementet vinteren 2015. I forslaget, som er ei oppfølging av stortingsmeldinga om berekraftig vekst i norsk lakse- og ørretoppdrett, foreslår instituttet at det vert oppretta 11 produksjonsområde. Inndelinga byggjer på larvedrift med fjord- og kyststraumane og annan kunnskap om lakselusbiologi. 

Arbeid som set spor

– Arbeidet har  vore i ei særstilling, det er brukt avansert matematisk kunnskap og i heile prosessen har prisvinnaren hatt god kommunikasjon med forvalting og næring, står det å lesa i grunngjevinga for prisen. Vidare heiter det at Ådlandsvik på ein lettfattelig og truverdig måte har klart å forklara datagrunnlag og metodikk.
Det er ikkje berre instituttet som er nøgd; departementet har også uttalt at dei er svært imponert over arbeidet. Inndelinga av norskekysten i produksjonsområde for laks- og ørretoppdrett vil innebera ei helt ny forvalting av havbruksnæringa og dermed setja spor etter seg.

 

    

 

Kontaktpersoner

Bjørn Ådlandsvik
979 67 692