Hopp til hovedteksten
Per Sandberg og Sissel Rogne
Administrerande direktør Sissel Rogne guida fiskeriminster Per Sandberg og følget hans til seks kjappe foredrag i høgblokka på Nordnes.
Foto: Marie Hauge
Utskriftsvennlig versjon

Bydde ministeren på sild, torsk og lakselus

På halvannan time fekk fiskeriminister Per Sandberg servert dagsferske silderesultat, siste nytt om torsken i Barentshavet, status for lakselusforskinga og mykje meir. Ministeren responderte med å invitera seg tilbake til fleire besøk og nye dosar forsking.       

Tysdag brukte fiskeriminister Per Sandberg dagen til besøk hos Fiskeridirektoratet, NIFES og Havforskingsinstituttet på Nordnes i Bergen. Havforskingsinstituttet stod for tur etter lunsj, og det var lagt opp til eit breit, men effektivt program. 

Sild og torsk

Aril Slotte, som er forskingsgruppeleiar på pelagisk fisk, presenterte ein del funn frå det nyleg avslutta gytetoktet på nvg-sild som har gått langs norskekysten. Slotte kunne mellom anna fortelja at det framleis er 2004-årsklassen som dominerer bestanden, og at dei største konsentrasjonane av sild vart funnen i ein svær "bulk" nord-vest for Træna i Nordland. For tida pågår bearbeiding og analysar av toktdata. Endeleg toktrapport er klar seinast 26. februar.
Erik Olsen, som leiar forskingsgruppe botnfisk, hadde også såvidt fått fast grunn under føtene. Han har vore på vintertokt i Barentshavet, og informerte om arbeidet som er gjort undervegs og den russiske sonenekten. Vel 10 prosent av toktområdet vart ikkje dekt på grunn av at russarane har nekta nordmennene adgang til russisk sone.  

Raudåta i Norskehavet

Ministeren og følgjet hans fekk også høyra om mulige framtidige ressursar som er å finna eit par hundre meter djupare enn silda og torsken. På verdsbasis er mengda mesopelagisk fisk (det mesopelagiske laget er mellom 200 og 1000 meter) estimert til 10 milliardar tonn – ti gonger meir enn tidlegare anntatt. Dei mesopelagiske artane tel også blekksprut, plankton og maneter, og i Norskehavet føregår det alt i dag eit lite prøvefiske på dyreplanktonet raudåte. Kvoten er på 1000 tonn, men truleg er potensialet større. Planktonforskar Webjørn Melle fortalde om dei mesopelagiske artane, og han kunne opplysa at eit forslag til forvaltingsplan for raudåte er rett rundt hjørnet. 

Lakselus og bistandsarbeid

Forskingsdirektør Karin Kroon Boxaspen tok ein rask gjennomgang av lakselusforskinga, og viste mellom anna kor godt samsvar det er mellom lusespredningsmodellen og faktiske funn av lakselus. 29. februar leverer Havforskingsinstituttet ein rapport om kunnskapsstatus for lakselus; her er fleire forskingsinstitusjonar involvert.

Havforskingsinstituttet har drive bistandsarbeid i ei årrekkje og på dei fleste verdskontinenta. CDCF (Fiskerifagleg senter for utviklingssamarbeid) vart presenter av forskar Kathrine Michalsen, som blant anna fortalde om dei store forventingane som knyter seg til det nye forskingsfartøyet «Dr. Fridtjof Nansen». Etter planen skal skipet døypast i byrjinga av november.

Trygg på kvaliteten

Siste mann ut var forskar Nils Olav Handegard, som tok for seg den store og omfattande datahandteringa som skjer på Havforskingsinstituttet.      
Datainnsamling ligg til grunn for så godt som alt arbeidet som vert gjort rundt om i dei ulike forskingsgruppene, og Handegard understreka at instituttet veit korleis dataene skal setjast inn i en kontekst og skapa meirverdi.

Ein særs nøgd Per Sandberg – som også stilde spørsmål undervegs – takka for flotte foredrag.

– No gler eg meg enno meir til å motta råda frå Havforskingsinstituttet. Eg er ikkje i tvil om at det er høg kvalitet på arbeidet de gjer og råda de leverer, avslutta han.  

         


 

Kontaktpersoner

Sissel Rogne
907 32 123