Hopp til hovedteksten
Oppdrettsanlegg
Utskriftsvennlig versjon

Skal undersøkje miljøeffekter av akvakultur i Finnmark

Havforskingsinstituttet har fått 8,6 millionar kroner til å utvikle nye metoder for langsiktig miljøovervaking av marine økosystem som vert utsette for organiske utslepp frå havbruk. Forskarane skal spesielt studere korleis botnlevande organismer i område med blanda eller hard botn reagerer på utslepp av avføring og fôr frå oppdrettsanlegg.

– Sidan mykje av veksten i havbruk er venta å skje i Nord-Noreg, haster det med å få kunnskap om korleis fiskeoppdrett vil kunne påverke dei unike marine økosystema i nord, seier Raymond Bannister ved Havforskingsinstituttet som skal leie det nye prosjektet.

Det meste av kunnskapen  vi har om akvakultur og økosystem på havbotnen gjelder blautbotn i fjordane i Hordaland og sand-/blandingsbotn langs kysten av Sør-Trøndelag.

– Det er uklart hva for effekt akvakultur har på botnhabitata som finst i Nord-Noreg, difor er det svært viktig at vi no har fått midler til å undersøkje område i Finnmark. Resultata herfrå skal blant anna bidra til å byggje ein kunnskapsbase som kan brukast vidare, seier Bannister.

Eit anna viktig mål med prosjektet er å bidra til utviklinga av nye overvakingsverktøy for oppdrettslokalitetar som har blandings- eller hardbotn under merdane.

Fakta om prosjektet

Tittelen på prosjektet er SUSTAIN-AQUA som er ei forkorting for Sustaniable Aquaculture in the North: identifying thresholds, indicators and tools for future growth (Berekraftig havbruk i nord – identifisering av terskelverdiar, indikatorar og verktøy for vidare vekst). Prosjektet startar neste år og varer til 2020. Havforskingsinstituttet leier prosjektet, men det er også fleire samarbeidspartnarar: Akvaplan-niva, NGU, Department of Fisheries and Oceans i Canada og Cawthron Institute på New Zealand. I tillegg skal det tilsetjast ein postdoktor i ei toårig stilling.

Bæreevne

Bæreevnen for en oppdrettslokalitet eller et område defineres som den mengden oppdrettsorganismer vi maksimalt kan produsere uten at miljøvirkningene overskrider omforente tålegrenser. Disse grensene for tillatte påvirkninger skal være målbare og de kan ikke overskrides dersom oppdrettsnæringen skal være bærekraftig.

Bæreevne

Kontaktpersoner

Raymond Bannister
402 49 851