Hopp til hovedteksten
Hels på ei lus
Forskar Sussi Dalvin fekk lokka gutegjengen til å ta ei lus på handa.
Utskriftsvennlig versjon

Lakselus fekk latteren fram

Gode møte med publikum, overraskande flittige quiz-deltakarar og nærkontakt med lakselus skapte liv på Havforskingsinstituttet sin stand på Festplassen i Bergen fredag og laurdag. 

Knappepotitt, copepoditt eller copebaditt? Ja, kva heiter lakselusa før ho blir vaksen? Det var eit av spørsmåla som små og store gjester fekk bryna seg på i lusequizen til Havforskingsinstituttet. Litt vrient, men heldigvis var det hjelp å få. Standen var nemlig bemanna av flinke forskarar, 40 vaksne lakselus og sånn omtrentleg 15 000 copepodittar.

Lus på nært hald

Forskingsgruppa sjukdom og smittespreiing hadde det faglege ansvaret for innhaldet i år. Det gjennomgåande tema var lakselus og korleis Havforskingsinstituttet arbeider for å løysa problemet. Grundig kjennskap til lusa sin biologi er ein føresetnad for å utvikla effektive metodar mot lusa. På standen fekk publikum studera ei vaksen lakselus på nært hald, og sjå den raske reaksjonsevna til dei ørsmå copepodittane.

Populær rognkjeksyngel

Frå Forskingsstajonen Matre var det levert ein rugg av ein oppdrettslaks. På laurdagen kom også reinsefiskane på plass: ei handfull rognkjeksyngel og eit par leppefiskar frå Forskingsstasjonen Austevoll. Fisken – både dei levande og den døde – gjorde stor suksess. Rekorden stod ein smårolling for – han drog foreldra til standen og akvariet med rognkjeksyngelen tre gonger den tida dei var på forskingstorget.