Hopp til hovedteksten
Norskehavet
Fangst av makrell og nvg-sild frå tokt i Norskehavet.  
Foto: Leif Nøttestad
Utskriftsvennlig versjon

Kvoteråda for Norskehavs-bestandane: Mindre makrell og kolmule, auke for sild

Mens kvoterådet for både makrell og kolmule går ned, peikar pila for første gang på mange år oppover for silda: Kvoterådet for 2016 lyder på 316 876 tonn – vel 33 000 tonn over det førre rådet. 

I dag offentleggjorde ICES (Det internasjonale råd for havforsking) kvoteråda for nvg-sild, kolmule, makrell, vestlig hestmakrell og nordsjøhestmakrell. Totalt utgjer 2016-råda nesten 1,9 millionar tonn fisk.

Intensivt makrellfiske

Den anbefalte kvoten for makrell er på 667 385 tonn, som ligg godt under 2015-rådet på 831 000–906 000 tonn.

– To år på rad har summen av dei avtalte kvotane vore langt høgare enn anbefalingane frå ICES, og det er fiska hardt på makrellen. I tillegg var indeksane frå juli-toktet nedgåande. Då er det heller ikkje noka overrasking at kvoterådet for neste år går ned, seier Katja Enberg, som er leiar for program Norskehavet på Havforskingsinstituttet.

Skal revidera sild og kolmule

Kvoterådet for kolmule er på 776 391 tonn, som er vel 64 000 tonn under rådet som er gitt for 2015. Katja Enberg forklarar at det er uvisse knytt til bestandsberekningane både for kolmule og nvg-sild. Nvg-sild skal gjennom ein grundig metoderevisjon (benchmark) i 2016, og sannsynlegvis vil metodikken som blir brukt til bestandsestimering av kolmule òg bli justert.

 

Les samtlege råd her:

Kvoteråd for pelagiske bestandar

 

Kontaktpersoner

Katja Enberg
410 06 368