Hopp til hovedteksten
Maria-Fossheim-og-Elisagbeth-Aspaker.jpg
Fungerande regiondirektør i ved Havforskingsinstituttets avdeling i Tromsø, Maria Fossheim (t.v.), drøfter innhaldet i den nye masterplanen for marin forsking med fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

100 millionar til oppgradering av forskingsfartøy

– Masterplanen for marin forsking peikar definitivt i rett retning, seier administrerande direktør Tore Nepstad ved Havforskingsinstituttet. Mellom anna er det sett av 100 millionar kroner til oppgradering av dei norske forskingsfartøya.

– Det er gledeleg å sjå at Regjeringa satsar på dei uante mogelegheitene som ligg i havet, seier Nepstad.

For Havforskingsinstituttet peikar denne planen ut retninga framover.

– Styrka ressursforsking, internasjonalt samarbeid, nasjonalt samarbeid om forskingsinfrastruktur og klarsignal til å sjå på samlokalisering av dei marine forskingsmiljøa i Bergen er alle klare signal om kor vi skal, seier Nepstad.

Masterplanen som vart lagt fram av statsministeren og fiskeriministeren i Tromsø i dag inneheld ei klar melding om at Regjeringa er oppteken av å auke verdiskapinga frå havet. Akvakultur står sentralt i ei slik utvikling. Det gjer også biomarine næringar. På pressekonferansen i Tromsø kom det fram at løyvingane til marin forsking skal aukast med 170 millionar kroner i 2016. 100 av desse millionane skal gå til opprusting av forskingsfartøya.

– Havforskingsinstituttet si rolle som kunnskapsleverandør til forvaltinga er tydeleg. Regjeringa har spissa sine forventningar til heile vår organisasjon. Det er utfordrande og inspirerande, seier Tore Nepstad.

Les heile masterplanen for marin forsking


 

Kontaktpersoner

Tore Nepstad
993 28 602