Hopp til hovedteksten
Veliger-larve frå haneskjel
Vår første, fullstendige veliger-larve frå haneskjel produsert i laboratoriet – og kanskje verdas første? Skjellarven vert veliger-larve når den når det andre larvestadiet. Då har larven fått eit velum som den kan symje og ete med, og i tillegg har den utvikla eit tynt skal. Fasongen på skalet minnar om ein D, derfor vert veliger-larvane òg kalla D-larvar.
Foto: Sissel Andersen/Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Fekk 30 millionar haneskjel-egg

Sannsynlegvis for første gong har nokon klart å få til vellykka befruktning av egg frå haneskjel. Resultatet blei heile 30 millionar egg frå berre to hoer. Målet er å finne ut korleis denne nordlige arten vert påverka av havforsuring.

- I nord skjer havforsuringa raskare enn lenger sør, mellom anna på grunn av at temperaturen er lågare, dermed er det viktig å undersøke kva effekt den har, fortel Sissel Andersen som er forskar ved Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon på Austevoll.

Henta haneskjel i Porsanger

Haneskjel er eit kamskjel, men i motsetnad til stort kamskjel, som er vanleg langs kysten av Noreg nord til Lofoten, har haneskjelet to bua skal og usymmetriske ”øyre”. I tillegg er dei særkjønna. Dei trivst også berre i vatn med temperatur under 14 °C, og vi finn dei dermed i dei nordlege delane av landet og nord til arktiske strøk. Skjela som vart brukt i forsøket vart henta frå Porsangerfjorden og frakta sørover til Austevoll.

For at skjela skal gyte må dei trivast, og det trengs sjølvsagt både hoer og hannar om gytinga skal bli vellukka. Forskjell på ho og hann kan berre sjåast inni skjelet på fargen på gonaden, kjertelen som produserer kjønnsprodukta sperm og egg. Den er kvit hos hannen og raudoransje hos hoene.

- Vi brukte mykje av den same teknikken som er utvikla for stort kamskjel når det gjeld hold og gyting av haneskjel, og befruktning av egg. Det vi måtte gjere størst endringar på i forhold til hos stort kamskjel, var temperatur og fôrmengde, fortel Andersen.

Alt må klaffe

Metoden for å få skjela til å gyte er enkel – i teorien. Temperaturen i vatnet vert auka, og det verkar som eit startsignal for gytinga. Men det er ikkje alltid full klaff på første forsøk når det gjeld slik indusert gyting. Gonadane må nemleg vere modne og klare til å sleppe sperm og egg.

- På andre forsøk med indusert gyting blei det full klaff, då vart over 30 millionar egg gytte, og mange av desse vart befrukta. Dei befrukta egga vart utsett for havforsuring i åtte dagar, då vart forsøket avslutta, fortel Sissel, som samarbeidde med forskar Ellen Sofie Grefsrud om forsøket.


Etter 4 dagar ved 8-9 grader, roterer eit forstadium til larve ivrig rundt.

Det er ikkje rapportert om vellukka befruktning av haneskjel frå noko laboratorium  tidlegare. Ein av grunnane til at dei fekk det til på Austevoll kan vere at dei ved denne stasjonen har drive med tidlege livsstadium hos ulike marine artar over mange år, blant anna stort kamskjel.

Held på med resultata

No er forskarane midt i arbeidet med å opparbeide resultata for å sjå kva effekt havforsuringa har på denne arten.

- Ut frå bileta kan det sjå ut som om også larvar frå haneskjel utviklar seg saktare når dei vert utsette for havforsuring enn dei som ikkje blir det. Men først når alle resultata er klare kan vi seie om dette er rett, seier Andersen.
 

Fakta om haneskjell

Latinsk navn: Chlamys islandica
Leveområde: Jan Mayen, i Barentshavet og ved Svalbard. På kysten av Troms og Vesterålen, og i små lokale bestander på Vestlandet.
Alder ved kjønnsmodning: 4−6 år
Størrelse: Kan bli opptil 13 cm
Levetid: Opptil 30 år

Haneskjell

Kontaktpersoner

Sissel Andersen
468 38 041