Hopp til hovedteksten
Svein Sundby i Brussel
Foto: Ingunn Bakketeig
Utskriftsvennlig versjon

Til Brussel for å gjere oss kjend

Med eit sterkt ønskje om å vere ein sentral aktør i europeisk marin forsking også i framtida, reiste Havforskingsinstituttet til Brussel for å treffe samarbeidspartnarar og beslutningstakarar 20. oktober.

Tema for møtet var New frontiers for blue growth og frå Havforskinga si side la vi opp til ein brei presentasjon av våre sentrale forskingsfelt. På ”menyen” sto både biologi og teknologi, utviklingssamarbeid og akvakultur saman med klima og nordområdeforsking. Presentasjonane frå seminaret kan du lese her.

-Blå vekst er eit sentralt tema også i Europa. Her har vi eit felles mål om å styrke kunnskapen om havet og moglegheitene som ligg der. Deltakarlista viser at vi nok traff målgruppa vår, seier ein nøgd forskingsdirektør Erlend Moksness.

Responsen i ettertid har vist at det er fleire som ønskjer å styrke samarbeidet med Havforskinga, og møtet er omtalt på fleire nettstader.

Utviklingssamarbeid er eit område kor EU og Noreg har mykje å hente på styrka koordinering. Mellom anna er data samla inn med Dr. Fridtjof Nansen verdifulle også i prosjekt som EU har, til dømes i Nordvest-Afrika. Møtet la grunnlag for kunnskapsdeling og utvikling, også på dette området.
 

Kontaktpersoner

Erlend Moksness
905 73 625