Hopp til hovedteksten
Katja Enberg
Katja Enberg er ein av dei 20 medlemmane i det nye vitskapsakademiet for yngre forskarar. Ho kjem frå Finland, og har vore ved Havforskingsinstituttet sidan 2007.    
Utskriftsvennlig versjon

Katja Enberg blir akademimedlem

Katja Enberg er tatt opp i Akademiet for yngre forskere. 160 forskarar søkte om å få vera med, men berre 20 kom gjennom nålauga.

Av dei 160 søkjarane kom 36 vidare til intervju. Forutan Katja Enberg er to forskarar frå Bergen (UiB) blant dei ti kvinnene og ti mennene som er plukka ut til det nye vitskapsakademiet.

Kjønnsnøytral likestilling

Katja Enberg (38) leiar Program for Norskehavet på Havforskingsinstituttet, der ho har vore tilsett sidan 2007. Ho er opptatt av forskingspolitiske spørsmål – og då spesielt i eit likestillingsperspektiv. 

– Kjønnsnøytrale likestillingstiltak er viktig for meg. Eg har sjølv erfart at ordningar spesielt mynta på kvinner kan verka mot si hensikt. I dag bidreg både menn og kvinner på heimebane. Då er det til dømes uheldig når prestisjefulle forskingsprosjekt gjev meir støtte til kvinnelege forskarar med born enn til mannlege kollegaer i same situasjon, seier ho.

Gratulasjonar

Forskingsdirektør Karin Kroon Boxaspen gratulerte Katja Enberg med blomebukett då medlemsskapen i akademiet vart offentleg kjend.  

Begynn med barnehagane!

Som leiar for Norskehavs-programmet møter Katja Enberg eit breitt spekter av folk utanfor akademia: fiskarar, representantar frå industri og anna næring, politikarar og ulike interesseorganisasjonar. Det har gjort ho spesielt medviten på kor viktig det er å formidla forsking og forskingsresultat på ein god måte.

– Eg trur vi kan unngå ein del skepsis mot forskarar og auka forståinga for kva forsking er dersom vi er ute og møter folk der dei er; gjerne allereie i barnehagen, seier ho.

Akademiet har si første samling i slutten av oktober. På sikt skal talet på medlemmer opp i 40, i tillegg til inntil 10 internasjonale forskarar. Medlemsskapet varer i fire år.   
       

 

 

 

Om Akademiet for yngre forskere:

  • Tverrfagleg møteplass, debattarena og forskingspolitisk plattform
  • Pådrivar for nyskapande forskingsformidling
  • Det er i dag nærare 30 akademi av denne typen på verdsbasis
  • Det Norske Videnskaps-Akademi står bak her til lands


 

Kontaktpersoner

Katja Enberg
410 06 368