Hopp til hovedteksten
Brisling
Brislingfangst
Foto: Else Torstensen
Utskriftsvennlig versjon

Gult lys for raudlista brisling

Brisling og polartorsk er blant nykomarane på Raudlista 2015. Manglande data forklarar eit stykke på veg kvifor brislingen er hamna på lista, men ein langvarig fangstnedgang spelar også inn.   

Forskarane har vurdert 164 saltvassartar i samband med oppdateringa av raudlista. Av dei vurderte artane er 17, eller ni prosent, hamna på raudlista. Det er same prosentdel som i 2010, men det er gjort nokre opp- og nedjusteringar av dei ulike artane.   

Manglar toktdata

Brisling (kyst- og fjordbrisling) var også på raudlista i 2006. Brislingen kunne takast ut av lista i 2010 fordi toktresultata (basert på akustiske data) viste ei stabil bestandsutvikling.

– Sidan 2010 har det ikkje vore brislingtokt, og dermed måtte ekspertgruppa denne gongen greia seg med fangststatistikken. Då kvalifiserte brislingen igjen til raudlista, forklarar forskar Kjell Nedreaas. Han er blant forskarane frå Havforskingsinstituttet som er med i ekspertgruppa som utarbeider raudlista for fisk. Her deltek også forskarar frå universiteta i Tromsø og Bergen og Norsk institutt for naturforsking (NINA).    

Gult lys for brislingen

Mellom 1960 og 1980 varierte brislingfangstane mellom 8 000 og 18 000 tonn. Sidan har pila peikt nedover; med unntak av ein kortvarig topp på rundt 6000 tonn i 1994. I 2014 blei det landa vel 1700 tonn. Nedreaas understrekar at sjølv om brislingen ikkje er ein trua art, så lyser det eit gult lys.

– Nedgangen kan ha samanheng med endra miljøforhold, men vi veit ikkje sikkert. I Sognefjorden har til dømes fangstane auka dei tre siste åra, seier han.  
Nedreaas presiserer at raudlista omhandlar artar i norske farvatn. Havbrisling, som vert fiska utanfor norske farvatn i Nordsjøen, er i god forfatning.

Går dårleg for vanleg uer

Storskate er den einaste arten som er rekna som kritisk trua på raudlista. Blålange er framleis vurdert å vera sterkt trua. I klassen nær trua finn vi brisling og polartorsk, i tillegg til blåsteinbit, stillehavssild (tidlegare Balsfjordsild), arktisk niauge og havniauge. Pigghå og ål er stroke frå dei mest alvorlege klassane. For snabeluer går det enno betre, arten er no ute av lista. Det er ikkje tilfelle for slektningen vanleg uer; som Nedreaas var bekymra for også ved førre raudlisteoppdatering. Då etterlyste han betre forvaltning på arten. Det er no foreslått ei rekkje strenge reguleringstiltak for vanleg uer; mellom anna stans i alt direkte fiske; bortsett frå eit lite fiske med juksa.

Finn lista og meir informasjon her:

Kriteriedokumentasjon for brisling på raudlista

Raudlista

• Ei oversikt som viser plante- og dyreartar som er utryddingstruga, utsette for bestandsreduksjon eller naturleg sjeldne

• Vurderer også kva risiko dei ulike artane har for å døy ut

• Artane vert vurdert i ni kategoriar: Skalaen går frå utdøydd (EX) til  livskraftig (LC)

• Dei mellomliggjande kategoriane er: Utdøydd i vill tilstand (EW), regionalt utdøydd (RE), kritisk trua (CR), sterkt trua (EN), sårbar (VU), nær trua (NT), datamangel (DD)

• Lista vert revidert kvart fjerde–femte år. Artsdatabanken har det overordna ansvaret, medan ekspertgrupper frå ulike forskingsinstitusjonar står for risikovurderinga av artane 

Kontaktpersoner

Kjell Nedreaas
995 38 549