Hopp til hovedteksten
Nepstad og Miranda
Miguel Miranda frå IPMA (til høgre) og Tore Nepstad, Havforskingsinstituttet, lytta nøye til president Silva si tale der han understreka at signering av samarbeidsavtala var eit høgdepunkt under hans offisielle besøk I Noreg.
Foto: Kari Østervold Toft
Utskriftsvennlig versjon

Viktig samarbeidsavtale med Portugal

Tore Nepstad, Havforskingsinstituttet, og Miguel Miranda, president for IPMA, det portugisiske hav- og luftforskingsinstituttet, signerte ei ny og omfattande samarbeidsavtale 5. mai. Signeringen var eit av høgdepunkta under den portugisiske president Aníbal Cavaco Silva sitt offisielle besøk i Noreg, der han mellom anna besøkte Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon i Austevoll.

-Dette er ei avtale som er strategisk viktig både for oss og våre portugisiske kollegaer, seier Tore Nepstad. –IPMA og Havforskingsinstituttet er leiande institusjonar i eige land. Vi er sikre på at denne avtala vil styrke vår posisjon i europeisk forsking på fisk, akvakultur og miljø, understrekar han.

Signering av samarbeidsavtale

Den portugisiske presidenten, Aníbal Cavaco Silva overvar signeringa saman med sin eigen minister for landbruk og fiskeri, Assuncão Cristas og Noreg sin fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Foto: Kari Østervold Toft

Samarbeidet skal føregå i prosjekt mellom anna knytt til bestandsvurderingar, teknologi, utvikling av standardar for overvaking av akvakultur og utviklingssamarbeid. Det vert lagt opp til mykje sampublisering av forskingsresultat, felles seminar og konferansar og utveksling av personell.

-No har vi lagt grunnlaget for eit langt og godt samarbeid. Vi tar sikte på å starte med eit møte mellom forskarar frå våre to institusjonar i løpet av kort tid slik at vi kjem i gong med konkretisering av avtala, seier ein nøgd Tore Nepstad.

 

Kontaktpersoner

Tore Nepstad
993 28 602