Hopp til hovedteksten
Smoltfella i Guddalselva.
Smoltfella ved Havforskingsinstituttet sin feltstasjon representerer eit fast målepunkt med stabil metodikk og fangstinnsats som eignar seg godt for å registrera endringar i bestandane av sjøaure og laks.  
Utskriftsvennlig versjon

Tidsseriane frå Guddalselva opnar for ny forsking

Havforskingsinstituttet sin feltstasjon i Guddalselva er truleg den einaste lokaliteten i Noreg der praktisk tala kvar einaste smolt må innom og ”helsa på” forskarane for å avleggja DNA-prøve og alle vitale mål. I desse dagar er det svært travelt på stasjonen.

Laksesmolten er no på full fart ut i Hardangerfjorden, og på feltstasjonen kontrollerer dei siste rest av dei utvandrande oppdrettslaksane og villaksane. 

Hybridar med god overleving

– Det er snakk om til saman 150 familiar av oppdrettslaks og villaks som vert testa for overleving, vekst og menyval i eit naturleg miljø, fortel Øystein Skaala. Han er forskar på Havforskingsinstituttet, og ansvarleg for feltarbeidet i Guddalselva.

Dei 15 åra stasjonen har vore i drift, har resultert i ein unik tidsserie på produksjonskapasiteten på smolt i elva. Forskarane har også lært mykje om fiskeproduksjonen i vassdrag generelt, om overlevingsevna til avkom av rømt oppdrettslaks og villaks og om menyval og vekstevne i ferskvassfasen.

– Dette er grunnleggjande kunnskap som er viktig for å kunna vurdera miljøeffektar av rømt oppdrettslaks. Til dømes veit vi no at avkomet til rømlingane i snitt har lågare overleving enn villfisken, samstundes som somme familiar kan ha svært høg overleving. Dei såkalla hybridane med mor som er oppdrettslaks og far som er villaks, har relativt god overleving, seier Øystein Skaala.

Kor godt navigerer rømlingavkom?

Avkom av rømlingar konkurrerer med villfisken om næringsressursane, noko som kan bidra til redusert produksjon av villaks.

– Det viser seg å vera mange faktorar, som storleiken på egga, tettleiken av fisk i habitatet og familiebakgrunn, som påverkar overlevingsevna til oppdrettslaksen. Difor vil overlevinga til avkomet av rømlingar variera mykje i tid og rom, fortel Øystein Skaala.

Men det er framleis spørsmål som forskarane ikkje har funne svar på.

– Vi veit lite om kva evne avkomet av rømlingar har til å finna tilbake til vassdraget dei vart klekka i. Har dei like god evne som villaksen til å navigera seg heim att eller svimar dei rundt på måfå?

Ekstremflaum i Guddalselva

Ekstrem vassføring, som her i Guddalselva hausten 2014, vil bli vanlegare i åra som kjem. Korleis påverkar dette fiskeproduksjonen i vassdraga?

Effektane av ekstremflaumar

Storflaumen i Guddalselva og mange andre elvar på Vestlandet hausten 2014 utløyst spørsmål om korleis slike ekstreme hendingar påverkar produksjonen av villsmolt.

– Store delar av elvelaupet vart snudd opp ned, og det er naturleg å tenkja at dette må ha effektar på både samfunnet av botndyr og overlevinga hos gytefisk og ungfisk. Detaljkunnskapen vi har om produksjonen av laks og aure i Guddalselva over tid gjer oss i stand til å estimera effektane av ein slik ekstremflaum, seier Øystein Skaala.

Lærer mykje om sjøauren

På feltstasjone får kvar einast sjøauresmolt sitt eige individnummer og all tilbakevending blir registrert. Det har gjeve mykje kunnskap om sjøauren: korleis gytebestanden varierer over tid, kor lenge auren går i sjøen før han returnerer for å gyta og om prosentvis overleving gjennom sjøopphaldet.

Fakta om atlantisk laks

Latinsk navn: Salmo salar
Andre norske navn: Parr, smolt, tert
Familie: Salmonidae
Maks størrelse: Opptil 150 cm og 40 kg (hanner)
Levetid: 2-8 år
Leveområde: Utbredt i elver på begge sider av Atlanterhavet, fra Spania til Nordvest-Russland, og fra Maine i USA til Nord-Canada, og i Østersjøen. I den marine fasen av livssyklusen er laksen utbredt over store deler av Det nordlige atlanterhav
Hovedgyteområde: Elver
Gytetidspunkt: Oktober-januar
Føde: Som ungfisk i ferskvann; for en stor del insekter. I havet; plankton og fiskeyngel, og etter hvert som den vokser ulike pelagiske fisk som sild og lysprikkfisk
Predatorer: Fugl (f.eks fiskeender), rovfisk som sei, lyr og torsk. Sjøpattedyr i enkelte områder
Særtrekk: Laksen er en anadrom fisk, dvs. den blir født og vokser opp i ferskvann i ett til fem år før den smoltifiserer og vandrer ut i havet. Der blir den i ett til fire år før den returnerer til elven den ble født i for å gyte

Atlantisk laks

Kontaktpersoner

Øystein Skaala
476 27 878