Hopp til hovedteksten
Referansegruppa
Diskusjonen heldt fram i kaffipausen. I forgrunnen står Harald Loeng og Atle Vartdal frå AS Ramoen. Heilt til venstre er Bjarte Bogstad i samtale med Per Sandberg frå Fiskeridirektoratet. Harald Gjøsæter og Erling Kåre Stenevik pratar med Jan Ivar Maråk frå Norges Fiskarlag (heilt til høgre).  
Utskriftsvennlig versjon

Fiskarar og forskarar lærer av kvarandre

Forskingsdirektør Harald Loeng rosa fiskerirepresentantane for konstruktive forslag til organisering og prioritering av ressursforskinga på Havforskingsinstituttet: – Vi har fått mange verdifulle innspel som vi tar med oss vidare, oppsummerte han.

Ordninga med ei referansegruppe for ressursforsking går attende til 1997. Gruppa syter for gjensidig informasjonsutveksling mellom fiskerinæringa, fiskeriforvaltinga og ressursforskinga. I mandatet heiter det mellom anna at gruppa skal gje Havforskingsinstituttet råd om prioriteringar i forskinga.

Diskusjonar på kross og tvers

Årets samling gjekk over halvannan dag, og første dag var tettpakka med statusoppdateringar for nokre av dei viktigaste kommersielle artane. På programmet stod også ei innføring i dei tekniske sidene ved bestandsvurderingar og kvoterådgjeving.
Det var sett av god tid til spørsmål og innlegg frå næringa og organisasjonane, og dei fleste foredraga var etterfølgt av til dels langvarige diskusjonar på kross og tvers av bordet.

Ingen overraskingar

Gjennom året møtest forskarar og fiskarar i mange ulike fora; så det er inga overrasking kvar meiningane er delte. Blant anna etterlyser fiskarane større samsvar mellom dei observasjonane dei gjer av hyse og sild ute på havet og bestandsvurderingane som forskarane kjem fram til. Fiskerisida kunne også tenkt seg langt sterkare forskingsinnsats på sei; og var ikkje framand for at næringa sjølv bidrog meir for å oppnå dette.   

Lærer mykje av fiskarane

Sjølv om det er usemje på enkelte punkt, var den gjennomgåande tonen rundt bordet at samarbeidet mellom forskarar og fiskarar er tett og godt. Harald Gjøsæter snakka om bestandsvurdering, kvoteråd og saksgangen i Det internasjonale råd for havforsking (ICES). Han understreka forskarane si uavhengige rolle fram mot kvoteråda, men la til at synspunkta og opplysningane frå fiskarane er viktige i denne prosessen.

– Jo meir vi lærer av dykk, jo betre blir vi til å gjera jobben vår som forskarar.  

 

   

    

Kontaktpersoner

Harald Loeng
970 75 858