Hopp til hovedteksten
Akvakulturstasjonen i Phuket
Yngel av Asian sea bass (barramundi) i påvekst-kar i klekkeriet i Phuket.
Foto: Rolf Engelsen
Utskriftsvennlig versjon

Thailandsk yngelklekkeri etter norsk modell

Havforskingsinstituttet har vore sentral i oppbygginga av det første moderne klekkeriet for marin fiskeyngel i Thailand – verdas tiande største oppdrettsnasjon. Erfaringane frå Thailand er alt i ferd med å verta overførte til Cuba, og fleire land kan vera aktuelle.

Fiskerifagleg senter for utviklingssamarbeid (CDCF) på Havforskingsinstituttet har nyleg avslutta eit akvakulturprosjekt med Thailand. Prosjektet går tilbake til tida etter tsunamien i 2004 då thailandske styresmakter bad Noreg om hjelp til å byggja opp att oppdrettsnæringa i Phuket-regionen.
I første fase (2005–2009) var aktiviteten konsentrert om teknologi og drift av merdar, og her vart det produsert særleg cobia. Konklusjonen var at merdoppdrettet må skje offshore i stillebeltet i Andamanhavet. Dei siste fire åra har samarbeidet – etter ønskje frå det thailandske fiskeridepartementet – i hovudsak gått ut på å byggja og få i drift eit yngelklekkeri etter norsk modell.

Steg i rett retning

Både fiskeri og oppdrett er viktige næringar i Thailand. Landet er spesielt stor på reke- og ferskvassoppdrett, men manglar mykje av teknologien og kompetansen som trengs for å driva marint oppdrett i stor skala, fortel Rolf Engelsen, som har vore leiar for Thailand-prosjektet.  

– Marint oppdrett i Thailand er kjenneteikna av eit utal små klekkeri. Dei produserer lite yngel, og har i tillegg problem med sjukdom, vasskvalitet og andre forhold som gjer at drifta ikkje kan kallast bærekraftig. Det nye klekkeriet i Phuket er lite i kommersiell målestokk, men teknologien er moderne og tilfredsstiller strenge miljøkrav. Anlegget, som har levert yngel til kundar i fleire år allerede, er bygt på same grunnprinsipp som det vi nyttar i Noreg og resten av Europa. På det meste kan det produsera 1,8 millionar sea bass-yngel på fem gram, seier Rolf Engelsen.

Interesse frå andre land

Klekkeriet driv yngelproduksjon frå A til Å, og inneheld levandefôrproduksjon, larveavdeling og såkalla påvekstavdeling (nursery). I tillegg er det ei større, moderne algeavdeling.
Cobia og Asian sea bass er blant dei tropiske artane som vert produserte med godt resultat i anlegget. I tillegg vert det eksperimentert med ulike grouper-artar.

Klekkeriet er det første i sitt slag i Thailand, og eitt av få i heile Søraust-Asia. Moderniseringa av marine klekkeri er i ferd med å skyta fart i fleire asiatiske land; særleg Kina – verdas største oppdrettsnasjon.

– Vi ser no at kunnskapen vi har med oss frå Noreg og den vidareutviklinga som har skjedd i Phuket er av stor verdi for andre land og regionar som ønskjer å satsa på marint oppdrett. Mellom anna er erfaringane frå klekkeriet vidareført i eit samarbeidsprosjekt CDCF har på Cuba, fortel Rolf Engelsen. 

Vidare samarbeid med Thailand?

Det er planar om meir akvakultursamarbeid med Thailand, og Rolf Engelsen vonar Havforskingsinstituttet kan fortsetja med å bidra. Det thailandske fiskeridepartementet har gjeve prosjektet god karakter, og bede norske styresmakter om å vidareføra akvakultursamarbeidet. Dei ønskjer å gjera havbruksstasjonen i Phuket til eit regionalt senter for Søraust-Asia; til bruk som FoU- og treningssenter i moderne oppdrett. Her treng dei medverknad frå norske kompetanseinstitusjonar.

– Austevoll og Phuket er på mange vis søsterstasjonar innan havbruk. Eit samarbeid kunne knytast opp mot desse to stasjonane, seier Rolf Engelsen.