Hopp til hovedteksten
Trål med torsk
ICES, Det internasjonale råd for havforsking, har kome med sine råd for dei arktiske bestandane torsk, hyse, sei og kysttorsk nord for 62-graden.
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

Gjev råd om høgare kvote for hyse og sei

For neste år går torskerådet ned med ti prosent, medan det er ein auke på høvesvis 25 og 15 prosent for hyse og sei. Kvoterådet for hyse er imidlertid ikkje hogd i stein: Noreg og Russland har nett bestemt seg for ein større hysekvote for inneverande år. Oppjusteringa kom først etter at berekningane for hyserådet for 2016 var ferdigstilte, og vil etter alt å døma medføra eit nytt råd.   

Det internasjonale råd for havforsking (ICES) hadde alt berekna 2016-kvoteråda for nordaustarktisk hyse og dei andre arktiske bestandane då det vart kjent at norske og russiske styresmakter var blitt samde om å auka årets hysekvote frå 178 500 til 223 000 tonn. Auken kom som følgje av ein metoderevisjon i ICES, der hysebestanden vart kraftig oppjustert.   

Hysekvote på 223 000 tonn

– Når hysekvota vert endra midt i året, endrar samstundes føresetnadene for det komande kvoterådet seg – slik er forvaltingsregelen. I realiteten er altså kvoterådet for hyse alt utdatert, men det er ein del formalitetar som skal på plass før ICES kan gje eit nytt råd, forklarar Bjarte Bogstad, som er leiar for ICES arbeidsgruppe for arktiske fiskeri. Han fortel at forvaltingsregelen for hyse tilseier at kvoten maks kan auke med 25 prosent frå eit år til eit anna. For 2016 er det gitt eit kvoteråd for hyse på 223 000 tonn.

Litt ned for torsk, opp for sei

Etter ei årrekkje med rekordhøge kvotar, ser torsken no ut å stabilisere seg på eit lågare nivå. Kvoterådet for torsk er på 805 000 tonn – ein nedgang på ca. 90 000 tonn i høve til 2015. Bjarte Bogstad fortel at det er venta at kvotane for torskebestanden vil liggja mellom 700 000 og 800 000 tonn i åra som kjem.  
For nordaustarktisk sei er det gjeve eit råd på 140 000 tonn, som er ein auke på 18 000 tonn frå 2015.
Når det gjeld kysttorsk nord for 62-graden, rår ICES til at gjenoppbyggingsplanen vert følgd. Den tilseier ingen endring i reguleringane for kysttorsk sidan det vart målt ein høgare gytebestand hausten 2014 enn hausten 2013.

ICES er i gang med ein metoderevisjon for blåkveite, så rådet for denne bestanden kjem først i  september. For snabeluer og vanleg uer vart det gjeve råd i 2014. Desse råda gjeld for tre år om gangen.

 


   

 

 

Kontaktpersoner

Bjarte Bogstad
924 22 352