Hopp til hovedteksten
Figur 4. Hyse som svømmer over skjellgrus.
Hyse som svømmer over skjellgrus.
Foto: MAREANO/Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Oppjustering av hyserådet for 2016

For ein månad sidan auka Noreg og Russland hysekvoten for inneverande år frå 178 500 til 223 000 tonn. Noko merkeleg fører dette til at kvoterådet for neste år går opp. 
- Det kan verke paradoksalt at rådet for 2016 aukar når ein aukar kvoten for 2015. Grunnen til dette er at det opphavlege rådet for 2016 på 223 000 tonn var avgrensa av regelen om maksimalt 25 % auke i kvoten frå eit år til det neste. I det nye rådet er utgangspunktet 223 000 tonn i 2015, og difor er det ikkje lenger regelen om maksimalt 25 % auke frå år til år som avgrensar kvoterådet for 2016, seier forskar Bjarte Bogstad.  
 
Kvoterådgjevinga for nordaustarktisk hyse for 2016 vart laga under føresetnad av at fangsten i 2015 ville bli på 178 500 tonn – det same som kvoten fastsett hausten 2014. Like før rådet vart offentleg i juni, vart Noreg og Russland samde om å auke hysekvoten for 2015 til 223 000 tonn. ICES har difor laga eit nytt kvoteråd for 2016 basert på at fangsten i 2015 blir 223 000 tonn. Det nye hyserådet for 2016 er på 244 000 tonn, 21 000 tonn (9 %) høgare enn det opphavlege rådet. 
 

Kontaktpersoner

Bjarte Bogstad
924 22 352