Hopp til hovedteksten
Torjan Bodvin; vinnaren av formidlingsprisen
Torjan Bodvin vert gratulert av administrerande direktør Tore Nepstad på Havforskingsinstituttet. Formidlingsprisen vart delt ut under havforskingsdagane i Bergen i byrjinga av januar.
Foto: Espen Bierud
Utskriftsvennlig versjon

I ein klasse for seg

Torjan Bodvin deler konsekvent og raust av kunnskapen og forskinga si; slik når han ut til eit stadig større publikum. No er han heidra med Havforskingsinstituttet sin formidlingspris.  

Som dei to føregåande åra, gjekk også Formidlingsprisen 2014 sørover til Forskingsstasjonen Flødevigen i Arendal. Men medan dei tidlegare Flødevig-vinnarane har delt prisen med ein kollega, kunne Torjan Bodvin frå faggruppe botnsamfunn og kystinteraksjonar stå åleine på pallen.

Humor og folkeleg framstilling

I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna at Bodvin dei siste åra har vore i ein eigen klasse når det gjeld formidling av havforskingsstoff i media. Vidare skriv dei:
”Prisvinnaren evnar å formidle fag og forsking på ein lettfatteleg og pedagogisk måte, og går ikkje av vegen for å bruke humor og folkeleg framstilling i si formidling, utan at det går utover det faglege. Slik når han ut og skapar interesse for sitt fag, til eit breitt publikum”.

Tenkjer heilskap

Men, seier juryen, han er også raskt på bana når det gjeld meir alvorlege saker, som til dømes skjeldaud. Bodvin vert også rosa for at han heilt frå starten i prosjekta sine tenkjer heilskap mellom formidling og forsking, og for at han brukar formidlingskanalar som er særskilt retta mot barn og unge.

Det er ein ekstern jury som kårar vinnaren av formidlingsprisen. For tida sit Ole Magnus Rapp (journalist i Aftenposten, Nordlys o.a.), Erik Wiig Andersen (journalist i NRK Sørlandet)  og  Borgny Brørvik(kommunikasjonsrådgjevar i Fiskeridirektoratet) i juryen.

Dette skriv NRK Sørlandet om prisvinnaren:

Kontaktpersoner

Torjan Bodvin
907 95 847