Hopp til hovedteksten
Rådgivingsprisen 2014
Bjarte Bogstad (t.h.) og Jan Helge Fosså har fått Rådgivingsprisen 2014. Carsten Hvingel, faggruppeleiar på bentiske ressurser og prosesser, mottok prisen på vegner av Fosså.  
Foto: Espen Bierud
Utskriftsvennlig versjon

Heidra for gode råd om fiskekvotar og gruveavfall

To forskarar med lang fartstid plukka med seg årets rådgivingspris frå Havforskingsinstituttet. Jan Helge Fosså og Bjarte Bogstad fekk utmerkinga for framragande rådgiving innanfor fagområda gruveavfall og bestandsvurderingar og forvaltingsråd.  

Rådgiving er den fremste oppgåva til Havforskingsinstituttet, og instituttet skal vera den leiande leverandøren av kunnskap og råd for berekraftig forvalting av ressursane og miljøet i dei marine økosystema. Dei siste åra er det delt ut ein eigen pris for å heidra forskarar som utmerkar seg med god rådgiving.

Sentral for fiskeriavtalar

Det er leiargruppa som kårar vinnaren, og det var nominert ikkje mindre enn 10 kandidatar til rådgivingsprisen 2014.
Bjarte Bogstad har sete i ulike bestandsvurderingsarbeidsgrupper i ICES. I periodar har han også vore leiar for ei slik arbeidsgruppe. Juryen trekkjer spesielt fram at han er sentral når Noreg skal inngå avtalar med andre land; noko han også har hausta ros for i departementet. Det vert også nemnt at Bjarte Bogstad har halde oppe ein høg publikasjonsfrekvens parallelt med rådgivingsarbeidet.     

Rakrygga i stormen

Jan Helge Fosså

Jan Helge Fosså får ros for måten han har representert Havforskingsinstituttet i ulike gruveavfallssaker.

Jan Helge Fosså, som ikkje var til stades under overrekkinga, vert spesielt prisa for korleis han har handtert den krevjande rådgivinga kring gruveavfall i fjordar. Frå juryen heiter det at han har tufta rådgivinga på god dokumentasjon, grunnleggjande økologisk kunnskap og framragande kompetanse, og at han på ein beundringsverdig måte har klart å stå rakrygga i stormen.


 

Kontaktpersoner

Jan Helge Fosså
924 25 513
Bjarte Bogstad
924 22 352