Hopp til hovedteksten
Loeng_og_Gradinger_nett.jpg
Harald Loeng (t.v.) og Rolf Gradinger peiker ut området som Gradinger skal ha det forskingsmessige ansvaret for.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

Ny programleiar for Barentshavet

I dag starta Rolf Gradinger i jobben som leiar for Havforskinga sitt Barentshavprogram. Han gler seg til å leie økosystemforsking som også har forgreining til økonomisk aktivitet.

Gradinger har inntil nyleg jobba ved University of Alaska i Fairbanks, både som forskar og som leiar. Han tar over som leiar for Barentshavprogrammet etter Knut Sunnanå.

Spennande

Den nye programleiaren seier det er fleire grunnar til at han søkte på jobben.

- Eg synest det er mange interessante utfordringar når ein skal leie forskingsarbeid, og eg er opptatt av korleis det kan administrerast på best mogleg vis, seier han.

I tillegg får Gradinger forske i eit område han kjenner frå før.  Han har forskingserfaring frå både Grønlandshavet, Laptevhavet, Beringhavet og Barentshavet, og han meiner det finst både likskap og skilnadar mellom dei ulike havområda.

- Dessutan er det spennande at forskinga vi utfører på dei store økosystema brukast både for å få økonomisk avkasting frå havet og til å finne ut  korleis ulike aktivitetar, som til dømes olje- og gassverksemda, kan påverke miljøet.

Fin by

Gradinger skal jobbe ved Havforskinga si avdeling i Tromsø, og han ser fram til å bu i byen.

Det er 30 år sidan han vitja byen for første gong.

- Eg hugsar at eg likte byen allereie då, og i dag ser eg at er ein fin stad for både meg og familien, seier han.

 

Den beste

Forskingsdirektør Harald Loeng seier Gradinger fekk jobben fordi han var den best kvalifiserte søkaren.

- Han har ein bakgrunn som gjør at vi både kan få ei sterk satsing på forsking i tillegg til rådgjevingsarbeidet vi utfører i Barentshavet, seier han.

 

  

 

Kontaktpersoner

Rolf Gradinger
488 84 407